tirsdag 24. april 2012

Hipp! Hipp!

Hurra! I dag fyller Anita's boble 1 år! Eller kanskje ikkje det er så mykje å ropa hurra for, kjem vel an på kven som les det...

På dette året har eg faktisk klart å publisera 134 innlegg - som dåke har vore inne og lest 14 787 gonger! Ein liten dråpe i bloggverden, men utruleg når ein ein tenkjer på at det meste eg legg ut berre er tøys og vas :-) Og dette sit faktisk folk å les rundt omkring i heile verda - Noreg (sjølvsagt), Russland, USA, Storbritannia, Spania, Nederland, Afghanistan, Sverige, Tyskland etc. etc. Dei fleste er nok vener og kjente som er på reis, men nokon er nok òg innfødde. (Eg antar at med google translate så må denne bloggen fortona seg enda rarare for dei som brukar det, enn det som faktisk er meininga...)

Det meste leste innlegget i året som gjekk var "Anita's interiørtips!" - kven i all verda hadde sett for seg at eg hadde noko å bidra med på den fronten ;-) På ein god andre plass kjem eit innlegg der eg etterlyser ein elefant...(og den fann eg faktisk igjen sjølv) På tredjeplass kjem rapporten i frå Plenklyppartraktor meisterskapet på Eik! Skal ein gå etter responsen på dette innlegget bør det visst bli eit årleg arrangement :-)

I læpet av dette året har eg blandt anna vore på mange fine fjellturar både med og utan champagne, både med og utan hatt og både med og utan fylgje. Vi har feira Stian sin konfirmasjon og vinka han avgårde på segletur. Eg har baka både vellukka og mindre vellukka bakverk og eg har funnet ut at egg ikkje bør ligga midt i solsteiken - i allefall ikkje inne. Eg har sete på Jæren i timarsvis og sett på Nordisk Meisterskap i Traktorpulling - og syntes mot alle odds at det var artig. Eg har krøpe på alle fira og gjort ei nøyaktig opptelling av kor mange personar som var på Aktivitetsdagen i fjor, eg har sprunge rundt på Ulvanåso i fullt jegerutstyr og jakta på både stort og smått, eg har vore på ein lengre segletur i nærleiken av Sydpolen og det verste av alt: Eg har nesten tatt livet av redaktøren i Uskedalen.no!

Ja, eg har visst hatt mykje på hjarta i laupet av året, og det mest utrulega er at alt som kjem ut på bobla er sant ;-)

Så får vi sjå, kanskje eg gidd halda på eit år til?







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)