torsdag 26. april 2012

Himmel og hav...

...går det an?? Tenkte eg då eg såg baksida av Grenda i dag. Rosendal Kunst & Matfestival har fått tak i to kunstnarar som skal koma på arrangementet i sommar - Per Fronth og Kurt Johannessen. Det var sistnemde som fanga mi interesse:

Eg må innrømma at eg lo - kva er dette for noko?? Kva foregår i hovudet på nokon som kjem på noko så tullet som dette her??

Men, så byrja eg å tenkje meg litt om - er det eg som sit på kontor frå 08.00 - 16.00 og jobbar heile dagen eller han her som ligg på golvet og stikk kvistar inn i buksa som er smartast? Han tjener sikkert mykje meir enn meg, får kunststipend og div. subsidier - og folk betalar for å komma å sjå på han! Brått var det eg som kjende meg dum...
Etterkvart fekk eg ein kjempeidè til korleis eg skal få meg ei tilleggsinntekt - det kjem alltid godt med. Eg tok nokre telefonar og visp så var det klart: Eg har no inngått ein lukrativ kontrakt med Spar. Frå fyrste laurdagen i mai og til siste laurdagen i august blir eg å finna framfor inngongen til "nye" butikken:
SPAR er innovativ og satsar på levande kunstverk i sommar - løp og sjå!

PS! Er det noko som kan ta på seg å pirka i meg litt no og då - sånn berre for å sjekka at blodomløpet er i gang og at det er liv i meg + passa på at ingen hundar/kundar kjem i nærleiken og lettar på eine bakfoten?








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)