søndag 29. april 2012

Naturbarna har vore på...

...ein flott tur til Låganåso i dag! Strålande ver i frå skyfri himmel i dag - perfect! Det tippar eg alle som skulle feira konfirmasjon i bygda tenkte då dei stod opp i dag tidleg òg :-)

Vi kom litt seint igang med turen i dag. Då vi nærma oss kalkstasjonen var det reine folkevandringa der inne. Vi sakka automatisk litt på farten - kva var dette? Hadde vi rota oss borti noko organisert tur? Stod det nokon der inne med ski, fallskjerm, klatreutstyr etc. og sa: "Vent litt - der borte kjem tre personar til som skal vera med på tur"? Men, nei - det var rett og slett berre andre store og små som var komen ned og var ferdig med turen sin :-) Takk og pris for det, for hadde det vore det andre alternativet hadde vi sikkert berre slengt ein fallskjerm på ryggen og lagt i veg medan vi skraut over å vera kjentfolk i området...

Men, det blei med kun tursekken i dag. No har eg lagt ut så mange bileter av utsikten på veg opp til Låganåso at det har blitt ein liten overdose sjølv for meg. Så i dag blei det ikkje tatt eit einaste bilete på vegen opp. Moglegvis òg fordi eg hadde nok med å halda fylgje med dei andre - eg må viss skaffa meg ein trekkhund, eg òg...

Vel oppe forlanga eg at vi i allefall måtte finna oss ein snøfonn å sitja i når vi skulle pausa og eta nista vår. Er vi i nærleiken av sol og snø så skal det no nyt(t)ast så langt det let seg gjera :-) No var ikkje dei andre så vanskelege å be og om litt så hadde vi funne oss ein super plass.

Ann Irene i snøen - kan det vera for fyrste gong i år? ;-)

Her hadde vi det fint :-)

Snømus - seldan lilla rase på Låganåso...

Her sat vi både vel og lenge og snakka om teltet vi skal kjøpa oss, turane vi skal gå på når vi blir enda sprekare og såg på utsikten...


...Ok - eit utsiktsbilete må vel vera lov?


Så, for at vi ikkje skulle stivna heilt, og fordi nokon kom inn på temaet alder og byrjande senilitet tok vi ein runde med vaksenaktivitetar før vi vandra heim att:



Kjempeflott dag! Og måtte dette veret vara leeeeeeeeeeenge!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)