tirsdag 1. mai 2012

Vår i Eikedalen!

For eit vidunderleg ver å vakna opp til 1.mai! I dag satsa eg på at "det enkle er ofte det beste", difor blei det ein tur opp i Eikedalen. Eg treng jo strengt tatt berre å gå ut døra for å byrja på den gåturen, men innrømmer at eg køyrer opp til vannverket på Sørestølen....Bedageleg anlagt, med andre ord.

Eg skulle ikkje gå langt før tegna på at våren er kome og sommaren, forhåpentlegvis, er i anmarsj:



Strålande utsikt frå toppen av Eikedalen.

Eg hadde i grunnen ikkje tenkt meg så mykje lenger i dag, men eg klarte liksom ikkje stoppa, så eg la i veg mot Fagerdalen òg....



....eg angra ikkje på det!

Trur det tar ei stund før ein kan gå snøfritt opp Skaret i år! Traff òg Bjarte som kunne fortelja at det var så mykje snø ved Eikehytta at han måtte bøya seg ned for å få tak i turboka som heng på veggen!
Så, det er jo tydeleg at det ikkje held at berre ei av Naturbarna har truger: Ann Irene, du og eg må på handel hvis vi skal komma oss på nokon fjelltoppar før hausten er her!!

Det artigaste i dag var at eg, tru det eller ei, klarte å finna ein snarveg inn til Fagerdalen i dag:

Istadenfor å fylgja den merka turstien opp langs fjellet valgte eg å gå ned til elva og fylgja den. Elva var så liten i dag at eg kunne vandra midt i elveleiet om eg ville. Så skar eg berre rett opp nett før ein diger stein og havna på stien igjen - og kunne meir eller mindre gå strake vegen mot Fagerdalen. På den måten gjekk eg "glipp av" heile klatreetappen, og det beste av alt var at det var gjort på ein augneblink :-)

Nok ein flott turdag kryssa av på kalendaren :-)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)