søndag 15. april 2012

"Anita, ta deg saman -

pakk sekken og ta deg ein fjelltur eller finn badehandkle og gå til stranda for å bada - det er tross alt andre sommardagen i dag så det er berre til å komma seg opp av sofaen og ut i finveret!" Eg har av og til lange diskusjonar med meg sjølv - i dag blei den kort - eg pakka sekken..
Hadde tenkt å gå opp fjellvegen mot Tverrfjell og Gråfjell, men då eg kom opp og skulle parkera var rett og slett vegen borte vekk! Byrjinga av vegen i allefall - her hadde det foregått noko gravearbeid sidan sist eg tok den turen. Så då var det berre til å finna seg eit anna turmål:

Her f.eks.

Så i stadenfor å fylgja vegen forbi garden på Fjellandsbø, labba eg rett fram over bakkane med toppane her som mål. Her har eg berre vore eit par gonger før og det er lenge, lenge sidan. Eg fylgde den gamle traktor/kjerrevegen og satsa på at eg då kom fram til ein sti. Det gjorde eg, men her burde det vore mykje betre merka og det burde og vore skilta oppmed husa for dette er ein heilt grei tur for dei som ikkje absolutt må klatra dei høgaste og brattaste fjella.

Her var det greit merka, men det skorta litt på dette både forann og bak..

Etterkvart fekk eg flott utsikt over Fjellandsbø.


Her forsvinn stien ned i kløfta, så her valgte eg å hoppa av - eg hadde nemleg ikkje tenkt å gå ned til Matre - eg ville berre sjå ned på Matre. Så her skar eg til høgre og byrja klatra opp på ein topp istadenfor.

Og ganske riktig - snart kunne eg kikka ned i Matrefjorden.

Men, så var det no slik at når eg var komen opp på denne toppen så låg det liksom enda ein høgare topp til høgre for meg igjen...

....og vips så hadde eg gått ned frå ein topp og var på veg opp denne toppen istadenfor.

Og då hadde eg (igjen) flott utsikt over Fjellandsbø på den eine sida...


...flott utsikt over Matre til høgre....

..og flott utsikt over Matrefjorden på "baksida"!

For ein flott topp! Eg er klar over at desse toppane antagelegvis har namn, men som dåke sikkert veit er eg ikkje så stødig i slike geografiske namn...

Eg blei dratt lenger og lenger ned skråningen her på jakt etter...

....stadig betre biletemotiv. Til slutt måtte eg minna meg sjølv på at eg faktisk ikkje skulle ned denne vegen og at det fort kunne bli ein lang tur oppatt.

Så då tusla eg oppatt, tok fram sitjeunderlaget, termosen og ein liten sjokolade. Så sat eg der og kosa meg og kikka på utsikta...

Matre til høgre...

....og Fjellandsbø rett fram.

Etterpå var det berre til å traska på heimattevegen. Ein fin søndagstur dette som kan anbefalast - ikkje bratt og ikkje for lang :-)

PS! Ja, eg eg klar over kva som manglar her - eg har jo ymta frampå at eg skulle hiva meg på den nye trenden med "nude" fotografering på fjellet. Men eg var tross alt på tur aleina i dag og det var så flatt på toppane at det ikkje var nokon plass å plassera fotoapparatet og trykkja på sjølvutløysaren. Men, eg kan legga til at eg ved eit høve låra buksa og viste ræv til heile Matre (ja, og så tissa eg litt) - så det er ikkje det at eg ikkje tør!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)