lørdag 21. april 2012

Anita's interiørtips part two (2)!

Etter den overveldande responsen eg fekk på Anita's Interiørtips! skulle det jo berre mangla at det ikkje kom ein oppfylgjar - har ein fyrst laga seg ein interiørblogg (?!?) fylgjer det vel med visse forpliktelsar...

Så, hald dåke fast igjen - her kjem Anita's Interiørtips part two (2):

Idag skal eg ta for meg ting og tang, kunst og design. Når eg kikkar meg rundt i heimen ser eg at det er plenty av eksempel og ta av og det er vanskeleg å velgja ut kva eg skal ta for meg her - eg kan jo ikkje visa fram alle skattane mine på eingong. Eg trur vi startar med vårens største trend: Pastellfargar. Pastellfargar går igjen over heile linja denne våren, både i kler og i.....

.....kunstensverden. Dette er SPA(R)-avdelinga mi. Som dåke ser er fargane velbalanserte i dette kunstverket - noko som gjer det behageleg å sjå på og sjåaren får ei heilt anna oppleveing enn han/ho ville fått hvis dette var komponert på ein anna måte.


Når det gjeld kunstverk er eg mykje meir opptatt av at kunsten skal gje meg ei oppleving enn eg er av pris og merke. Eg likar at eit og samme kunstverk skal visa litt motsetjingar som får meg til å tenka litt - som f.eks kampen mellom det gode og det onde som eg har eit døme på her:

"Hengt engel" - mitt kjæraste kunstverk. Og eg er faktisk så heldig at eg kjenner kunstnaren personleg. Eg skal ikkje nemna namn, men kikkar dåke nøye på engelen klara(r) dåke kanskje å sjå at vedkommande må ha eit godt forhold til hår..

Eg må innrømma at eg av og til kikkar på TV-program eg burde halda meg for god til å sjå på. "Svenske Hollywoodfruer" f.eks. Stor var difor forundringa då eg skjøna at eg og Maria Montazami har mykje til felles når det kjem til interiør - ho har nemleg, som eg, ein stor passion for tofsar! Fyrst trudde eg ho snakka om dei enorme hårextensionane sine, men det var jo heilt feil! Tofsar er noko heilt anna, og i farten kjem eg ikkje på noko norsk ord på dette - men dåke kan jo sjå sjølv her: Maria's tofsar . Eg har ikkje opparbeida meg den enorme mengda med tofsar som Maria har, men eg er på god veg - eg har to. Og akkurat som Maria synes eg dei tar seg best ut når dei er dandert på ein måte der det ser ut som om dei berre er slengt frå seg på ein tilfeldig plass....

...det er dei sjølvsagt ikkje!

Når ein nærar ei slik stor interesse for kunst og design vil ein sjølvsagt opparbeida seg ei stor samling etter som åra går. Alt kan ein jo ikkje ha framme heile tida. Då gjeld det å laga seg eit skattekammer der ein kan setja vekk og henta fram igjen dei forskjellige skattane - alt etter kva årstid det er, kva humør ein er i osv.:

Her er mitt skattekammer...eller...

...var det her??

Samma da. Det fine er at hvis du samlar lenge nok og mykje nok vil tilslutt TV3 dukka opp med eit tv-team og WOW! Plutseleg får du vist fram alt du har samla opp i gjennom år til HEILE VERDA! Og det beste av alt: Dei samlar alle tinga tine i ein kontainer, køyrer det til eit større skattekammer - og du kan byrja heilt på nytt å samla ting og tang i dine skattekammer igjen :-)

Mi styrste glede er å sjå at denne store interessa for interiør har smitta over på den yngre garde:

Er det ikkje fint?

Sånn, då har dåke sikkert fått mykje å tenka på og treng dåke hjep i heimen vil det vera mi styrste gleda å hjelpa til :-)

No skal eg sjølvsagt melda meg på her: Norges vakreste hjem 2012 . Eg kjem sjølvsagt til å feia all konkurranse til side...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)