torsdag 19. april 2012

Og ikkje blei jenta gift....

...er ein setning eg får høyra dann og vann - gjerne etterfulgt av eit sukk. Og kanskje aller helst hvis eg har vore ute på vift og likevel ikkje har noko spanande å fortelja dagen derpå.

Foreldre vil jo alltid det beste for ungane sine, så det er jo ikkje så vanskeleg å skjøna at han far er litt bekymra når eg framleis går her aleina medan håret grånar, original tenner blir bytta ut med plastikktenner, rynkene set seg etc. etc. Etter som tida og åra har gått, har det blitt diskutert både arrangert- og tvangsekteskap i heimen - som eit positivt tiltak. Diverse annonsetekstar har òg vore oppe til vurdering - den som hittil har falle mest i smak er vel denne: "Er det ingen som vil ha denne helvetes kanina??" som han fann i ei avis eingong. Kanina må då sjølvsagt byttast ut med eit anna subjekt - f.eks dotter...

Men, har ikkje eg eigentleg berre fulgt opp ein lovnad eg gav for lenge, lenge sidan?:
Denne lappen er ikkje datert, men det er mangen år sidan eg slutta å skriva alltid med ein l - så denne lappen blei ikkje skriven i går, for å seia det slik..... ;-)
 
 
OK - eg har vel kanskje sneke meg til å gå på ein dans og to i mitt liv, men ellers så synes eg vel at eg har vore flink til å halda det eg har lova ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)