torsdag 5. april 2012

Den store Påskeutflukten...

Som dåke kanskje har fått med dåke har vi vore på Påskeutflukt til Voss nokre dagar. No har vi komen oss heimatt og det er på tide med ei oppsumering.

Men fyrst svaret på gårsdagens nøtt:
C) Vi kunne ikkje hatt det betre

Svaret på tilleggsnøtta:
B) Marita får akupunktur av sin personlege medbrakte akupunktør - sjølv om det her hadde vore fristande og sagt C) Årets Påskekrim

Så oppsumering:
Påskeutflukten til Voss var ikkje planlagt i det heile tatt - igrunnen bestemte eg meg ikkje for å ta påskeferie før ca. ei veke før Påske. Men på søndag kom Marita og overtala oss til å bli med på hyttetur. Vi var igrunnen ikkje så vanskelege å overtala - det var jo meldt strålande ver, så ein skiferie på Voss høyrtes forlokkande ut. Dermed burde dette vore fyrste påskenøtt: Kor mange maskiner med kler klarar ein  å vaska og tørka på eit halvt døgn? Svaret er: MANGE!

Vi tok ut tidleg måndags morgon - her skulle vi ikkje sløsa meir tid enn naudsynt. Bilen var pakka som om vi skulle flytta og tok ut med halen mellom beina. Det einaste vi etterlot oss var mi skijakke - det fann eg ut når eg skulle kle meg om i skiutrustning på ferjekaien på Utne...Dermed blei det ein stopp på Vossevangen - og trur dåke ikkje eg var heldig og fann ein flott Bergansjakke på salg som passa perfekt til skibuksa :-) Eg trur faktisk at anten må Stormberg eller så må Bergans ha ein utru designar for det er ikkje lett å sjå forskjel på gammal og nyinnkjøpt jakke...Deretter bar det rett i skibakken:

Mandag var det sol, skyer og ein iskald vind - så her var det berre til å kle seg godt. Her er Stian på veg ned frå Hanguren til varmestova på Slettafjellet.

Etter ein kald dag på ski var det godt å kunna sjekka inn i ei varm hytte på Bavallstunet og få litt varm Glühwein i glaset. Sløve auger skyldes her ein dag i vinden - vinen hadde eg ikkje smaka på enda...

Tirsdags morgon stod vi opp til strålande sol og null vind - LYKKE! Og det samme gjorde vi på onsdag. Dermed fekk vi to strålande dagar i skibakken :-)

Stian Sebastian og Marita på toppen av Hanguren. (og ein paraglider i bakgrunnen)

På toppen av Hanguren.

Ja, du kan no tru - halda deg til grøn løype du Anita - til nøden blå...

Han her derimot, hadde ikkje noko problem med å stå ned svart løype..

Mor og son ein sjeldan gong på same plass i løypa ;-)

Vi hadde base ved varmestova på Slettafjellet. Her kosa vi oss i sola med pompli :-) Ingrid Margrethe hadde det kjempekjekt på ski - spesielt i barnebakken kor ho kunne ta trekket åleina og stå ned bakken utan sele på :-)

Desse to kosa seg og i skibakken :-)

Eg lika meg best her :-) Når skiferdigheitene ikkje eskallerer med åra og ein blir meir og meir pysete på fart, er dette ein ypparleg plass å sitja og halda fortet. Dessutan var bakkane skrekkeleg lange - eg blei jo utslitt i låra berre av å stå i T-heisen...

Så då var det flott å kunna slappa av i sola ved varmestova og kikka på alle andre som kosa seg både i og over bakken:



Var jo ein slik eg skulle hatt - ski på beina og motor på ryggen ;-)

Onsdag ettermiddag var det på tide å pakka saman og ta fatt på vegen heimatt. Stian og eg hadde ein liten stopp i Granvin kor Grethe baud oss på kjempegod heimelaga pizza :-) Deretter bar det strake vegen til Uskedalen.

Vi har hatt nokre kjempeflotte dagar på Voss. Det er vel Myrkdalen som er mest populær der oppe for tida. Eg har ikkje vore der, og kan dermed ikkje samanlikna desse to plassane, men Bavallen er absolutt til å anbefala. Mange skiheisar og skibakkar som passar dei fleste. Og knappe 5 min. med bil ned til Vossevangen.

Eg har ingen påskenøtt i dag - no får NRK overta dei :-)

Ha ei fortsatt god Påske!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)