fredag 1. juni 2012

Shiver me timbers!

Jammen nærmar det seg ikkje Aktivitetsdag i Uskedal Båthavn igjen! Programmet blir som fylgjer:


Nytt i år er Kuskit bingo i regi av Uskedal Bondelag:


Dette kan jo bli eit artig innslag som er over nesten før det er byrja - eller det kan dra ut i det uendelega :-) "Kuskitruter" kjem til å bli lagt ut for forhåndsal hos SPAR Uskedalen, og dei vil òg bli solgt på sjølve Aktivitetsdagen. Bondelaget reknar med at dei skal klara å laga til 100-150 ruter.

Reglane er ganske enkle:


Ellers så blir det litt musikk, litt dans, sal av grillmat, kaffi, kaker, sukkerspinn & is. Ein kan prøva lykken på ovanfornevnte kuskit bingo eller prøva lykkehjulet, lynlotteri eller andaløpet som går av stabelen kl.14.30. AND-delsbrev salet er allereie igang - trur du får dei på SPAR, Gro's Blomster og hos Byggeriet.

Sjølvsagt blir det anledning til å køyra togturar og brannbilturar i år òg. I tillegg kan ein få vera med Schat Harding på fjordrafting.

Dei minste kan få kosa seg i Leikeland, medan dei litt større og heilt store kan få prøva seg på Football shoot out.

Og så håpar vi sjølvsagt at Sjørøvarkaptein Sprød finn vegen til båthavna i år òg :-)

Til slutt rundar vi som vanleg av med "Hopp i Havet" konkurranse kl. 15.00!

Med andre ord: Laurdag 9.juni MÅ ein ta turen til Uskedal Båthavn!

Eg er klar - e' du?

Aye, Aye, blir det gulljakt i båthavna i år, mon tru?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)