søndag 3. juni 2012

Ja, Ja, helga blei jo ikkje så...

...verst den :-) I går kveld var det samling på kaien for litt champagne - den spretta Per Ivar:

Legg merke til pelskragen - 2.juni....

No har vi vel funnet ut at temperatur og dato ikkje alltid går hand i hand, men ute skulle ein sitja okkesom:

Då eg prøvde meg på noko møsing om at det byrja bli litt kaldt var trøysta eg fekk eit pledd, og etter litt meir møsing ei jakka til å ha utanpå den eg allerei hadde på...

Men, då sola gjekk ned var det ikkje meir å tenka på - då var det på tide å komma seg innandørs på Systrene Nilsen.

Mykje folk, mykje unge folk, mykje ukjente folk på Systrene Nilsen i går kveld. Kjekt å sjå at folk kjem når det fyrst er ope. Kjekk kveld :-)

Og då eg endeleg kom til meg sjølv igjen ein gong utpå dagen i dag, så var det litt for kaldt ver til å sitja ut i sola på trappa, men likevel for fint ver til å halda seg inne....Så då pakka eg tursekken.

Kikkar ein ut over kanten og ned i elva på veg opp til Låganåso ser ein at det går ein sti nede ved elva og inn Børsdalen - den fann eg ut at eg skulle prøva i dag. Sidan bilen og eg vakna på to forskjellige plassar i dag - bilen på Uskedal Brygge og eg heima på Eik, måtte eg ta sykkelen fatt.

Sykla opp til Heio og tok av inn denne skogsvegen til sandtaket.

Parkerte sykkelen rett etter eg passerte sandtaket og fortsatte turen til fots.

Jada - blir visst aldri nok bilete av Nåso på bobla. Fint i dag òg.

Fylgde skogsvegen så langt den gjekk. Blei litt forvirra då den stoppa og alt som låg foran meg var eit jorde. Syntes eg såg ei lysning til høgre og tok sikte på den - og jepp, der fortsatte vegen.


Nede ved byrjinga av vegen inn mot sandtaket er satt opp skilt som visar at ein kan ta denne vegen til Ulvanåso - etterpå har ein ikkje akkurat slått om seg med skilting/vegvising innover... For slike som meg, som eigentleg må sjå frå den eine raude T til den andre, kunne ein godt ha merka vegen litt betre enkelte plassar. Eg møtte eit skilt på vegen og det viste:

Her hadde jo ikkje eg tenkt meg, men eg valgte no å fylgja pila likevel.

Snart kom eg hit. Eg skjøna jo at hvis eg gjekk over brua kom eg brått til å vera på veg opp til Låganåso - der skulle eg som sagt ikkje. Eg kikka meg rundt både her og der, men såg ikkje noko skilt som viste kor stien inn i Børsdalen gjekk. Neivel, tenkte eg - då får eg berre trø ut til høgre og håpa på at det som ser ut som ein lite oppgått sti er ein sti...

No får eg legga til at då eg kom tilbake på denne plassen seinare så såg eg dette:

Rosa pil = stien ned til brua
Gul pil = Jammen heng det eit gamalt skilt her som visar "Ulvanåso" ned til venstre
Blå pil = Her går det ein sti som ikkje er merka med noko som helst - altså var det sikkert der eg skulle fortsatt...

Men, sjølv om eg sikkert ikkje tok av på heilt rett plass trur eg nok at eg var på rett sti - sjølv om eg ei lita stund lurte på om det kanskje heller var eit dyretråkk... Det er nok ikkje den mest bevandra stien i Uskedalen - smal og litt kupert - men likevel heilt grei å gå. Og så er det jo nesten heilt flatt innover, så dette må jo vera ein bra plass å gå for dei som ikkje absolutt må klyva opp ei fjellside :-)


Stien fylgjer elva heile vegen så dette er ein tur med elvesus..

Ei kjem tett på foten av Englafjell når ein går inn Børsdalen.


Etter ei stund byrja det å dukka opp enkelte tegn som fortalte meg at det hadde vore folk her før meg, tross alt.

Utsikt inn Børsdalen...


....og utsikt heimover mot Uskedalen.

Hit, men ikkje lenger kom eg i dag.

Det var veldig freistande å gå lenger i dag, men eg kom litt seint igang meg turen og eg skulle tross alt gå tilbake òg. Eg trur nemleg ikkje ein kjem til endes her - det er berre til å gå og gå - så havnar ein vel anten på Utåker, på Englafjell eller i Eikedalen :-) Det er sikkert andre alternativ òg. Eg får heller gå lengre ein anna gong når eg har fått dratt med med dei andre Naturbarna ;-)

Så etter ein liten rast og inntak av søndagsnista- fenalår, eggerøre og potetsalat - var det på tide og snu og komma seg  heimatt.

Litt irriterande vind i dag, men ellers fint. Som sagt ikkje den mest brukte stien, men eg kjem nok til å gå denne turen fleire gonger, tenkjer eg. Fin tur som kan anbefalast :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)