søndag 10. juni 2012

Åååååå, mine kjære Damevenner...

... we did it again!! For ein superduper Aktivitetsdagen det blei (igjen) i går! Mogleg eg ikkje var heilt våken og høyrte heilt bra då Kvinnheringen ringte i dag tidleg - eller tidleg og tidleg - men eg er nesten sikker på at han sa det hadde vore 14 (!!!!????) arrangement denne helga! Og kor fantastisk er det ikkje då at vi klarte å trekka så mykje folk til båthavna i Uskedalen. Og som eg alltid har sagt: Vårherre er ein riktig Damvennen - veret var jo strålande for ein aktivitetsdag. Kun nokon få dråpar som drypla når siste båt i Hopp i Havet satt utfor - eg trur det var eit tegn for å seia at "eg passar på dåke" :-)

Men alt dette visste jo eg sjølvsagt på førehand...

...eg hadde jo lest det i spåkula mi for lenge sidan ;-)

Kvinnherad Trekkspelklubb opna som vanleg dagen  - kven andre skulle ha gjort det liksom?

Toget byrja å køyra nesten før dagen var i gong.

Damvennene og dei frivillige i full gang i kake- og sukkerspinn teltet.

Mi flotte lappekakesteikar arvtakar Siv Kristin.

Bente viste med vakker sang at det finnes mange talent i Uskedalen :-)

Flinke unge dansarar frå Uskedalen og Herøysund.

Og så - ein einsleg båt utpå havet...

..og då viste rushet mot sjøkanten at alle visste kven som kom :-)

Sjølv om Sjørøvarkaptein Sprød kom einsleg i ein PIRATtaxi klarte han ved hjelp av sjørøvarane Halefjert og Tungskalle + alle dei små sjørøvarane, å finna skatten i år òg. Bortimot 130 sjørøvarsertifikat blei utdelt, så det kryr av små sjørøvarspirer i Uskedalen og omeng :-)

Andaløpet i Uskedalselva er òg fast på programmet for dagen - her var det ein blid, unge herremann ved navn Karsten som vann fyrstepremien.

Schat Harding var på plass med båt for å ta store og små med på fjordrafting og det var det mange som benytta seg av.

Men, så:

Anette gjer seg klar for å Hoppa i Havet - dette har ho gleda seg til heile dagen ;-)

Berre nokre dagar før Aktivitetsdagen kom det meldingar om at det var for få påmeldte og at var fare for at konkurransen blei avlyst, men det skjedde sjølvsagt ikkje. 12 båtar var klar til dyst kl. 15.00 i går. Mest arbeid med båten sin hadde nok Eidsvik Skipsbyggeri hatt - dei stilt jo med eit heilt kunstverk!

Klara dukka opp akkurat når ho skulle - altså akkurat tidsnok til å føra skuta Dristige Dame Venner For Eigen Maskin Padle/Skip. Litt uti dei seine nattetimar blei Dristige byta ut med Deilige...

Mine favorittar i går - eg prøvde å stikka tunga diskret ut når champagne flomma...

Og medan publikum gjekk heim, Damevennene og dei frivillige pakka saman og sku heim og kvila litt før dei skulle samlast til festelegheiter og avslutningsfest seinar på kvelden  - stod Bondelaget framleis og venta på at kua skulle drita i ei rute med nr. på så dei kunne få avslutta kuskitbingoen..
Det skjedde visst til slutt - og her var det og ein ung, liten herremann som vant seg ein gassgrill :-
Som vanleg samla gjengen seg på Bøkkaren for fest og feiring utpå kvelden. Og som i fjor - det var ein vakker kveld/natt og ein kunne sitja ute på kaikanten til the bitter end.

Og snipp, snapp, snute så var dette eventyret ute!
A. Enæs takkar for mange flotte og artige år i Damevennene - no abdiserar eg og går over i dei frivilliges rekker :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)