mandag 11. juni 2012

Eg burde kanskje lege strak ut i går...

...og halde på hovudet eller kvilt på laurbera etter laurdagens Aktivitetsdag, men i det som må ha vore eit utslag av lykkerus (og kun det, for det skjedde lenger før eg gjekk på Bøkkaren) eller kanskje ei overdriven tru på meg sjølv, så hadde eg lova å bli med til Svartavatn i går. Men, løye kva litt frisk luft og ein sykkeltur gjennom bygda natterstid kan renska opp i - eg vakna fit for fight litt utpå dagen i går. Og så blei eg tross alt ikkje henta til turgåing før kl. 15.30 - dei hadde det kanskje verre dei som måtte avgårde tidleg på fotballcup...

Anyway - turen i går gjekk altså til Svartavatnet. Vi parkerte på Stripo og gjekk fyrst til Bremstøl. Sjølv om det no var blitt ettermiddag og sola gøymte seg litt bak ei sky, så var det heise varmt. Tre damer kom umiddelbart synkront i overgangsaldaren - svetten rant og vi overgjekk hunden i pusting og pesing. Vel opp på Bremstølen måtte vi rett og slett medisinera oss:


Og etter litt medisin var vi straks klare for resten av turen. Lenger enn dette var det faktisk ingen av oss som hadde gått før denne vegen, så no var vi i nytt terreng alle tre. Vegen opp til Bremstøl synes eg er heilt grei å gå, men noko langdryg. Vegen opp til Sundstøl byrja på samme vis, men vi hadde ikkje gått langt før det blei eit litt opnare landskap - og då synes i allefall eg det er mykje kjekkare å gå.

Her er vi komen så langt at vi kan sjå ned på Bremstøl.

Utsikt mot Bremstøl


No blei det flott, ope turterreng.

Vi trudde vi hadde litt igjen før vi skulle nå Sundstølen, men vips så var vi der:

Her var det idyllisk og fint :-)

I frå Sundstølen går stien vidare opp ein litt bratt bakke, men den forserte jo vi så lett og raskt som berre det :-) Her kom og beviset på at vintaren ikkje heilt har slept taket...

...fleire plassar låg det framleis snø.

Resten av vegen opp mot Svartavatnet bestod no av berg og vatn. Mykje vatn - fossande og buldrande vatn. Ikkje i stien - det gjekk heilt fint å fylgja den, men rundt oss kunne vi bokstavleg høyra og sjå snøsmeltinga som pågjekk for fullt.


Beint fram fasinerande!

Dette var ikkje noko hard eller vanskeleg tur å gå, men den var noko lenger enn vi hadde sett for oss. Men, den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves, som dei seier:

Endeleg fekk vi den nye hytta ved Svartavatnet i sikte.

For å komma bort til hytta måtte vi visa balansekunstane våres :-)


Svartavatnet. Her låra vi alle buksa og tissa litt i drikkevatnet til Husnesingane... Neida - vi gjorde sjølvsagt ikkje det!

Vel framme fann vi ei kjempefin, ny hytta - open for alle :-) Og at dette er eit poplulært turmål skjøna vi då vi las i turboka - heile 26 personar hadde skreve inn navnet sitt før oss i går! Vi tok ei god rast her og fekk i oss litt mat og drikke. Ja, og så måtte vi jo faktisk ha i oss litt meir medisin:


Sjølvsagt!

Frå baksida av hytta fekk vi flott kveldsutsikt strake vegen mot Englafjell.

Det hadde i grunn passa fint å tenna eit bål, grilla pølser for så å krypa ned i soveposen her, men vi hadde jo hverken fyrstikker, pølser eller soveposar med - så vi måtte fint tusla heile den lange vegen attende tilbake til start...



Og sjølv om klokka no nærma seg 20.00, var det framleis sol og varmt å fint å gå i fjellet. Dette var ein flott tur og ein treng jo faktisk ikkje stoppa på Svartavatnet heller - her ifrå kan ein går vidare både til Manen og Englafjell! Men, det får bli ein anna gong :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)