lørdag 16. juni 2012

Tid for hage...

...eller i alle fall å oppgradera innholdet i urnene på trappa eit par hakk.

Som vanleg på denne tida av året er alt som har med hus, heim og hage satt på vent til Aktivitetsdag og skule er unnagjort. Det er i alle fall det er plar unnskylda meg med... Og som vanleg er eg då sistemann som kjem på blomebutikken for å kjøpa vakre uteblomar - og må ta til takke med dei restane som er igjen. Det positive med det er jo at då slepp eg å bli utsatt for valgets kvaler ;-)

Her var eg godt i gang, men så kom regnet....


....men vi gartnarar lar oss jo ikkje stoppa av nokre dråpar med vatn :-)

Hvis det går litt trått på jobben plar eg seia at eg skulle ynskje eg hadde vore gartnar. Tenk å få bruka heile dagen på å hiva litt gjødsel utover ein plen, snakka med rosene og plukka litt ugras her og der. I dag planta eg i 4 urner, og då var eg igrunnen metta på hagearbeid... Planta i 4 urner var vel eigentleg å dra det litt langt det òg - i 2 av urnene plasserte eg berre heile blomen oppi med potte og alt slik eg fann han på butikken...


Som i alle andre praktiske yrker, gjeld det for ein gartnar og ha riktig utstyr tilgjengeleg. I så måte vil eg trur at eg har alt mitt på det tørre...

Sjå her ja, dette såg jo riktig så innbydande ut. Enn så lenge i allefall, til ei vindfloga kjem og snur opp ned på heile greia..

Blei ikkje så verst dette - det er i allefall ein start :-)


Se så, då er eg klar for å sitja på trappa, så no kan berre sola dukka fram igjen :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)