søndag 17. juni 2012

Ein våt draum..

.... får vera ei passande overskrift på dagens tur.

Vakna kl. 08.50 i dag av ei melding i frå Ann  Irene "Blir du med å gå Solfjelløpet? SMILEFJES". Eg både høyrte og såg igjennom ei glipp i gardina at regnet sila ned, i tillegg var nasen var tett og halsen sår - så sjølvsagt skulle eg vera med å gå Solfjelløpet!

Så då var det berre til å hoppa ut av køyen og gjera seg klar. Skulle eg ha nokon moglegheit til å nå toppen av Solfjell før løparane måtte eg stå på startstreken kl. 10.00 prompte. Som sagt, så gjort...

Gulp.. vi måtte kjøpa startnr. hvilket betydde at vi ikkje kunne snika oss vekk undervegs, men måtte nå toppen. I tillegg blei vi "lurt" til å skriva oss inn under UIL - for så å få beskjed (med stor latter) at no måtte vi betala kontigenten òg. Så då bestemte vi oss for å gå sakte - vi måtte jo få litt valuta for pengane... ;-)

Det regna - det regna mykje - men temperaturen var heilt grei turtemperatur. Problemet er at det blir så inni hampen klamt og vått inni regnkleda (i allefall mine) - eg var jo våt både innvendig og utvendig allereie då vi nådde snarvegen dei hadde laga til igjennom granskogen. Den var forøvrig så bratt at eg ser ikkje vekk i frå at eg hadde gått lika raskt om eg hadde fulgt vegen. Eg brukte i alle fall ikkje kortare tid opp Ståle sin veg i dag enn det eg plar gjera...

Endeleg nådde vi Storhaug:

Eg var så redd for at Bjarte og Bjørn Olav skulle ha pakka saman og stengt saftstasjonen sin lenge før eg nådde opp, men det hadde dei heldigvis ikkje :-) Geir og Oliver Enes var og glad for å nå fyrste saftstasjon. Oliver var og glad for å vera ferdig med skogsvegen - eg skjønar han godt :-)

Ein skulle ikkje stå lenge i ro i dag før ein byrja å frysa, så det var berre til å komma seg vidare. I tillegg til regn fekk vi no kjenna på vinden så da blei igrunnen noko ufyseleg å gå. Men, Ann Irene påstod hardnakka at yr.no hadde meldt sol kl. 12.00, så eg var klar til å hiva både jakke og buksa kortid som helst. No i ettertid skønar eg at ho kanskje burde ha lånt spåkula mi...Stien var både våt og glatt så att nokon kan finna på å springa her er for meg ubegripeleg...

Solfjell! Ser jo no at det nesten ser ut som om sola skin over skyene - det la eg overhovudet ikkje merke til då eg gjekk her.

Slik var utsikten på veg opp Solfjell.

Eg har kun vore ein gong på Solfjell før. Då regna det ikkje, men bles så fælt at eg ikkje klarte å gå oppreist bort til varden for å skriva meg i boka. Eg måtte gå rundt å krypa opp - for skriva meg i boka det skulle eg! I dag bles ikkje fult så mykje, men då eg nådde toppen var eg likavel så våt og kald at eg følte meg akkurat slik:


Det regna og bles altfor mykje på toppen til av vi kunne bli verande der. Her skulle ein ha satt opp eit par lavoar som ein kunne krypa inni og byta klede, eta nista og venta på løparane. På veg opp traff vi alle som hadde nådd toppen før oss på veg ned igjen - det kjekkaste hadde jo om alle hadde vore igjen på toppen og heia løparane i mål.

Vi foretok eit raskt klebyte og så gjekk vi litt tilbake og sat oss i ein liten bakke klin i stien for å få i oss litt niste og venta på løparane. Det var den einaste plassen på heile turen vi fann litt ly for vinden. Og vi trong ikkje venta så veldig lenge før dei fyrste kom springande - hvilket betyr at eg hadde heilt rett når eg sa eg måtte starta kl. 10.00.

Vi sat så nære stien av vi nesten kunne ta på løparane. I tillegg var vi sikkert godt kamuflerte for fleire av dei skvatt til då vi heia. He-he.

Ein ting er heilt sikkert - desse damene kjem aldri til å få konkurranse av meg ;-)


På rekke og rad kom dei. Vi kunne ikkje gå ned igjen før hadde sett Jan Magnar - han stilte til start både med son, dotter og svigerson. Ja, og så stod systera Ann Irene og eg og tok bølgen då han sprang forbi :-)

Folk på veg opp og ned Solfjell i dag.

Og då var det jo eigentleg berre til å gå ned igjen. Eg hadde allereie lengta etter ein varm dusj i lengre tid.
Eg vil vel ikkje påstå at denne turen til Solfjell var så flott eller kjempekjekk. Men, no når eg sit tørr i stova mi synes eg det er kjekt å ha deltatt. Men, eg håpar det blir litt betre ver til neste år - for sjølvsagt skal eg gå Solfjelløpet til neste år òg! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)