tirsdag 19. juni 2012

JIPPIIIIIII!!!

Endeleg er 10 år med skulegong unna gjort! Dette har guten venta på i eh...bortimot 10 år, tenkjer eg
;-) Mens mor synes tida flyr synes guten at tida går altfor seint. No kryssar vi fingrane for at han kjem inn på fyrstevalget sitt på vidaregåande og at dagane kan bli litt meir interessante og motiverande. Heilt fri for undervisning blir no ikkje sommarferien heller, allereie neste veke er det avgårde til Haugesund for å ta dei fyrste traktorkjøretimane :-)

I kveld har vi vore i samfunnshuset i Rosendal på ei fin avslutning for 10.klassingane og foreldre. Mat, song av nokre elevar, film- og bileteframvisning, tale av rektor, Matthias og Asbjørn Skår (som måtte gå tidleg då dei ikkje hadde råd til å ha han der lenger ;-) ), tale og presangutdeling til lærarane og sist, men ikkje minst - høgtidleg overrekking av vitnemål til elevane. Litt vedmodig at det no er slutt, men dei aller fleste er nok klare for nye eventyr no. Ynskjer alle lukka til på ferda, og så blir det spanande og fylgja med på  kva den enkelte får ut av livet sitt i åra som kjem :-)

Ferdig "uteksaminert" frå ungdomsskulen 19.juni 2012

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)