tirsdag 23. juni 2015

Siste reis med Vi Venene...


...gjekk av stabelen i Ænesdalen i helga. I nesten 2 år har Magnhild og eg administrert Vi Venene gruppa. Vi har vore på mange kjekke turar og blitt kjent med mange kjekke folk. Men no kom vi fram til at vi ikkje lenger har anledning og energi til å driva gruppa slik vi ynskjer, og då vel vi å leggja den ned.

5 damer var vi som pakka sekkene våres i strålande sommarver for ei natt-i-naturen opplevelse i telt laurdag ettermiddag. Så veldig organiserte i pakkinga kan vi vel ikkje påstå at vi er - 5 damer hadde med seg blandt anna ein timanns-lavvo, og to telt... Eigentleg skulle alle overnatta i lavvoen, men Judith ville øva seg på å liggja åleina i telt til ho skal på einmannsekspedisjonane sine, og då Magnhild og eg fekk nyss i at lavvoen ikkje var tett "nedentil" var det ikkje snakk om å liggja der - tenk på alt som kunne koma krypande inn... I tillegg hadde vi med 3 kokeapparat slik at alle kunne få koka seg vatn til kaffien sin. Eg tullar ikkje, det var KUN koking av vatn dei vart brukt til (ja, alle var i bruk) + Anne Grethe steikte seg 1 biff!

Klar for tur! Om nokre år kjem vi til å le av oss sjølve: "Huskar dåke korleis vi pakka sekkane våres før? Ka' tenkte vi på?" - " At ikkje vi kjøpte oss større sekker allereie då..."


Vi la i veg med godt mot.

Denne fine karen lurte på heile greia - fekk ikkje fram så mykje som eit lite vrinsk eingong.

Alle som har fylgt med på Bobla veit at Hølen er ein av mine favorittplassar...

...og her stoppa vi og hadde ei lita pause. Det var jo strålande ver og vi hadde ingenting vi skulle nå.

Nærmar oss Ænessetra.

Vi hadde på førehand sett for oss at vi skulle gå eit lite stykke forbi Setra for å campa på nokre flater der, og slik blei det. Det er i grunnen ikkje noko andre fine plassar å campa vidare innover i dalen. Den som fekk det mest travelt når vi skulle setja i stand campen, var Ann Kristin....




...for ho blei både sett til å gjeta sauer og...

...til å setja opp lavvo - eller Walk-in-closet, som vi og kallar det. Fint skal det vera og litt komfort må vi kunna unna oss på tur ;-)

Sjå kor idyllisk campen vår var!

Mektige fjell på eine sida og... 

...naturleg champagnekjølar på andre sida :-)


Etter at vi hadde fått opp lavvo'en og andre diverse telt, var det godt å setja seg ned og få i seg litt god mat og drikke :-)

Som seg hør og bør på tur med Vi Venene så måtte vi pynta oss litt til kvelden ;-)

Nokon av oss har byrja dra på åra og etter å ha site i ro på trestubbar/benkar ei stund byrja vi bli litt stive i kroppen. Då var det ikkje anna å gjera enn å gå på ein liten oppdagelsestur i nærområdet til campen vårt.

Denne nye hengebrua dukka kjapt opp. Den har vi ikkje prøvd før, så då måtte vi det :-)

Ikkje alle prinsesser kjente seg lika trygg på denne brua. Magnhild meinte at brua kun var stripsa saman og umogleg kunne vera trygg. Eg trur framleis ho står på sitt når det gjeld den stripsinga..

Vakker utsikt innover Ænesdalen.
  
Det var framleis tidleg på kveld då vi kom attende frå utflukta vår. Fint og varmt var det framleis og, så det var ingen grunn til å trekkja inn i telta.

Vi er eigentleg opptatt av å halda bålforbudet og hadde ikkje med oss hverken grillmat eller ved på tur, men så låg no denne grua her og freistinga vart for stor - vi fyrte opp! Med det veret vi har hatt i det siste var det vel ikkje noko sjanse for at vi skulle greia å setja fyr Ænesdalen uansett ;-) Ikkje eingong veden som allereie låg i grua ville ta fyr, så det gjekk med eindel brake og kvist. Men vi fekk jo til eit bål, og varmte godt gjorde det og :-)

Koseleg med bål.

Jentene i røyken ;-) Blei litt huffing og puffing for å halda bålet i gang i løpet av kvelden :-)

Kosestund i Camp Vi Venene :-)

 Vi hadde ei skikkeleg koseleg stund rundt bålet med god mat og drikke og mykje lått og løye. Men omsider byrja vi å geispa og det var på tide og innta telt og soveposar...

....Magnhild klar for ei natt i teltet.

Denne gangen hadde eg bestemt meg for at eg i allefall ikkje skulle frysa i løpet av natta, så eg tok på ullundertøy og lakenpose før eg kraup ned i den gode soveposen eg vann hos Friluftslivets år 2015 tidlegare i år. Magnhild himla med augo og lurte på om eg var heilt i lodd, og eg skal vel innrømma at planen min funka - eg fraus IKKJE denne natta. Tvert i mot måtte eg vel lufta litt etterkvart... Mest nøgd er eg derimot over at et eg, for eingongsskuld, klarte å sova i teltet - i allefall store deler av natta. Eg plar jo vanlegvis liggja våke meir eller mindre heile nettene anten vi er i telt eller hytte. Det går rette vegen, med andre ord :-)

Ann Kristin var fyrste dame opp og ut søndags morgon. Eg trur faktisk ho hadde kaffien klar tre kvarter før det blei liv i resten av gjengen. Men opp måtte vi jo - vi hadde jo planar for denne dagen og - vi skulle nemleg på utflukt heilt inn til Vatnastøl. 

Så etter litt frukost var...



Judith klar...

...Anne Grethe klar...

...Ann Kristin klar og.... 

...Magnhild, ja, Magnhild var no Magnhild - ho hadde litt meir problem med myggen enn oss andre ;-)

Ingen av oss hadde vore til Vatnastøl tidlegare, men vi var forberedt på at det var eit godt stykke å gå. 

Vi la i veg med godt mot denne dagen og.

Stien innover Ænesdalen er veldig dårleg merka. Enkelte plassar virra vi rundt som forvirra mus og leita etter noko som kunne likna ein sti. Så lenge vi gjekk rett fram traff vi som regel på den igjen om vi hadde mista den. Terrenget var lett og greit å gå i. Det er ikkje dei store oppoverbakkane, ei heller nedoverbakkane innover dalen.

Ei lita pause ei av steinurene vi måtte forbi.

Sola byrja så smått å titta fram etterkvart som det lei på dag.

Og vi gjekk og vi gjekk...

Eg vart litt skuffa over utsikten innover i dalen. Eg håpa for kvar "skrent" vi runda så skulle vi få utsyn over dalen, men det var stort sett berre meir skog.
Omsider såg vi teikn på ein ende på dalen.

Eg trur vi hadde forventa å sjå vatnet eit stykke på førehand, så vi var nok like overraska alle saman då vi brått, etter 2,5 timars gange, enda opp her...


....ved enden av Vatnastølsvatnet.

Eg synes ikkje det virka heilt naturleg å enda opp her. Det var liksom berre skog og stein og vatn. Rett ovanfor oss på andre sida var det eit litt høgt berg. Vi lurte litt på om vi kanskje skulle ha vore på den sida, gått over berget og kome ned på ei anna sida. Men Judith fann restar av eit grillbål bortanfor oss, så då tenkte vi at vi sikkert var på rett plass likevel. Hadde vi brukt litt meir tid på å spørja ut kjentfolk hadde vi visst at vi likevel skulle ha vore på andre sida. I ettertid har det blitt oss fortalt at vi skulle ha kryssa elva litt lenger nede. Eg kan ikkje husk å ha sett nokon plass det var logisk og/eller mogleg å kryssa elva, bortsett frå kanskje ved ein liten steinvoll. Det kan vel og henda at elva var for stor til at vi hadde kome oss over. Okkesom, det betyr vel at vi må inn att ved eit anna høve..

Men desse to tøttene var no uansett glad for å ha kome fram til målet :-)

Det var denne tøtta og :-)

Vi tok oss tid til å eta niste her inne, men ikkje til så mykje meir. Det var ein kald vind her inne, og vi ville heller tilbake til varmen.

Det var litt enklare å fylgja stien tilbake til campen, men vi brukte likevel berre eit kvarter mindre tid den vegen. Det betyr vel at vegen er mykje godt lik begge vegar - sjølv om vi lurte på alle nedoverbakkane på vegen tilbake - vi hadde jo ikkje gått så mange oppoverbakkar??

Vel tilbake i campen flata vi ut og tok oss ei god pause, laga oss litt mat og så var det på tide å pakka ned telta og pikkpakket våres og vandra tilbake til bilane som stod parkert ved kyrkja. Eg veit ikkje om eg såg så veldig sporty ut der eg stotra meg framover den siste biten - med skikkelege vannblemmer under føttene...Au-Au, men ein skal vel kjenna at ein har vore på tur ;-)

Det var ein sliten, men glad og nøgd gjeng som konkluderte med at dei hadde hatt ei fin natt-i-naturen oppleving desse dagane. Sjølv om det var siste turen med Vi Venene så var det nok ikkje siste turen desse tøttene har vore på i lag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)