fredag 5. juni 2015

Endeleg eit snev av....

...SOMMAR!!!

Sumare let verkeleg venta på seg i år, men i dag fekk vi i allefall litt sol og varme :-) Så då var det berre til å nyta sola litt på trappa etter jobb, for så å ta med kajakken til Holmen i Omvikdalen for sjøsetja fartyget der :-) Jorunn var med som anstand, og vi hadde ein strålande flott tur på sjøen.

Eg trur eg let bileta tala for seg:

 
 
 
Inspeksjon av Stian sin arbeidsplass for tida :-)
 
 
 
 


 
Padla med spruttrekket på i dag for aller fyrste gong. Såg for meg at eg kom til å bli nøyd til å læra meg eskimorulla prompte, men det gjekk heilt fint - vart ingen bading i dag :-)
 

Ååååååå, så eg gledar meg til mange fleire slike flotte turar i sommar! For sommaren MÅ jo koma før eller seinare, sjølv om eg i dag sjølvsagt ikkje var meir enn nett komen heim då det byrja regna att....
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)