lørdag 16. mai 2015

Aldri fred og få...

...alltid er det nokon som vil ut å gå ;-)

I går kveld trudde eg det var trygt å lova Magnhild at eg skulle vera med ho på tur til Hjort i dag tidleg - rekna med at veret skulle redda meg frå den turen ;-) Og det trudde eg for så vidt framleis då eg ikkje så heilt tidleg i dag gav lyd i frå meg om at no hadde eg kome meg utav køyen - for utanfor mitt vindauga såg det ganske så surt ut.

Men, den gang ei - "berre litt yr - hentar deg om ein time!" - var trøysta eg fekk. Ja, Ja, kva gjere ein ikkje for å sleppa husvasken til 17.mai.... Eg var klar, eg, då Magnhild stod på trappa.

Litt "yr" på Fjellandsbø.
 
På veg opp skogsvegen.
 
Vi valgte, som vanleg, å fylgja skogsvegen meir eller mindre heilt til endes før vi peisa gjennom skogen på leit etter stien på andre sida. Innan vi kom dit var eg allereie våt som ei kråka. Det finnes ikke dårleg ver, berre dårlege kler. I dag var det dårleg ver, og eg har dårlege kler.
 

Dette såg ut som eit bur - eg vurderte å setja Magnhild igjen her...
 
Det er kanskje ikkje alle som veit at vi har foss i Uskedalen??
 
Rett skal vera rett, veret vart betre dess lenger opp mot Hjort vi kom - det slutta faktisk å regna og.
 
Jammen, låg det eindel snø her enda. Vi kunne ikkje fylgja stien bort, men måtte gå ovanom hytta.
 
 
Her skulle eg til å skriva at Hjort har sin sjarm om vintaren og, men det er jo faktisk 16.mai!!!
 
Medan vi var her byrja det faktisk å bli litt blå himmel og ei og anna solstråle fann vegen ned på fjellet. Men det var ein sur, kald vind her oppe, så vi måtte finna ein plass i le for å ha pause.
 
Magnhild har kroa seg ned bak ein stein :-)
 
Utsikt bort mot Ulvanåso.
 
Sjølv om sola kikka fram så hjalp jo ikkje det så mykje når ein allereie var kliss våt, så vi sat ikkje i ro så lenge før vi tok på heimatt.
 
På veg ned får ein flott utsikt over...
 
...Matrefjorden.
 
Og dett var i grunnen dett. Vi prøvde å fylgja stien gjennom skogen ned mot Fjellandsbø igjen, men tulla oss bort både her og der. Det er jo kustier overalt og ikkje så altfor mange raude malingsflekkar. Men vi har jo litt stedsans, så fram kom vi jo :-)
 
Det beste med ein slik litt våt, sur, men og litt fin tur? Ein laaaaaaaaang, varm dusj når ein er komen heim :-)
 
 

 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)