onsdag 23. november 2011

Ryktene om min død....

....er betydelig overdrevet, som det heiter. Er litt nedprioritert bobleverden fortida då eg har prioritert litt andre ting - leksehjelp, trening, quiz, strikking etc. Og så får ein av og til nokre underleg oppgåver i fanget, denne veka f.eks er eg, av alle ting, "pålagt" å lesa igjennom ein bunke med svenske drikkeviser (!?).

Når det gjeld strikking så får eg litt spørsmål, blandt anna om vinhønene mine. Eg tør ikkje legga ut original oppskrifta på nettet - kan jo risikera å bli saksøkt for tusenvis av kroner... Men, oppskrifta finnes i Sandnes Garn sitt Tema 19 oppskriftshefte. Eller du kan gje meg ein lyd så kan eg senda oppskrifta på e-post. Når det gjeld sitjeunderlag så har eg enda ikkje funnet ei ideal oppskrift på dette. Men, brukar ein Cortina Soft garn slik som eg, vil eg anbefala at ein legg opp 80-100 masker på pinne nr. 8, og så må ein berre strikka så langt som ein sjølv synes er nok. Forøvrig så finn ein oppskrift på mange artige ting ein kan strikka her: Mikk-L design

No har eg ein hanekam eg skal hekla og hiva i vaskemaskina, så dette var altfor i dag :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)