fredag 14. desember 2012

Ååå, eg veit da søren...

...kor mange luker som skal opnast i dag, men det er vel blitt nokre :-)

Dagane fyke fort avgårde for tida og det blir jo slett ikkje tid til å laga julekalender på bobla kvar einaste dag.

Men i dag tar eg meg tid for dette har vore den beste og kjekkaste dagen så langt denne veka. Og det ikkje fordi det er fredag eingong..I dag har nemleg Stian og eg vore til Odda for å prøva oss på teoriprøven på traktor. Ja, ikkje eg då, men Stian - eg var berre sjåfør. På bil altså - ikkje traktor. Eg har jo mast vel og lenge om at han må lesa i teoriboka si, men føler ikkje eg har fått den heilt store responsen. Litt ivrigare har han vore på å testa seg på nettet. Men han får vel berre prøva seg, tenkte eg - enten så glir han rett igjennom eller så skjønar han vel at han må lesa. Så avgårde bar det idag. Eg fekk beskjed om at han hadde 90 minuttar på seg og lurte på korleis i all verda eg skulle klara å slå ihel ein og ein halv time i Odda?? Det trong eg ikkje lura på så veldig lenge - ikkje meir enn eit kvarter faktisk. For eg hadde ikkje meir enn parkert, gått over vegen og bevega meg inn i den fyrste butikken før han ringte. "Nei, kva har skjedd no", tenkte eg, "har han blitt dårleg?". Men nei, han hadde rett og slett gjort seg ferdig - og attpå til bestod han prøven! (Så der fekk eg den :-) ) Så då var det berre for meg å snu i butikkdøra og returnera til Biltilsynet. Så noko handling i Odda blei det ikkje på meg i dag.

Men vi stoppa i Rosendal og tok ein runde der og fekk kjøpt eit par julepresangar, og då trur eg jammen vi nesten er i mål med dei aller fleste presangane:-)

Og som om ikkje det er nok så får eg melding frå min kollega Ivar i ettermiddag om at han har vore på Ikea og fått tak i nytt sofabord til meg i dag! Åååå, då blei eg så glad, for då eg skulle senda han ei link i går på kva bord eg var på jakt etter, så var bordet fjerna frå Ikea sine sider! Og då tenkte eg at det er jo typisk at akkurat når eg endeleg har bestemt meg for kva bord eg skal ha, så tar dei det ut av sortimentet! Men så har jammen meg Ivar fiksa det :-) Så no blir det å handla nytt teppe som skal passa til så er stova klar for jul :-)

Men det er jo ei luke som skal opnast i dag, og bak den finn vi:

Slik såg Furubergfossen ut i dag (nesten i allefall) 14.desember 2012.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)