søndag 23. desember 2012

Etter ei travel veka har julefreden....

...endeleg senka seg i heimen!

Det som skal handlast er handla (forhåpentlegvis), pakkane pakka, treet pynta, huset nesten rydda etc. etc.
Tidlegare i veka har vi feira 16-årsdag to dagar til ende og eine dagen  hadde vi besøk av denne flotte gjengen:

Kosestund :-)
 
I går morges fekk eg mld. om at eg måtte samla teamet og stilla på premieutdeling på Spar kl. 1200. Festidalenpepparkakebyggverket våres hadde vunnet fyrstepris som det finaste (!?) pepparkakebyggverket. Eg hadde no gløymt ut heile greia og hadde i allefall ikkje trudd vi skulle vinna noko premie etter at den flotte oljeplattforma kom på plass i hylla - den vann foressten prisen for mest kreative byggverk. Premieutdelinga blei sjølvsagt dekka av uskedalen.no 
For å sleppa å ha noko meir med byggverket å gjera donerte vi det rett og slett til Festidalen og 2.juledags arrangementet. Medan Ola Matti meinar dei skal bruka det til marknadsføring ser vi helst at det blir knust sønder og sammen - gjerne til ein Seigmannmelodi :-)
 
Men vi er jo ikkje verre enn av vi feira litt på kvelden.
 
Her sjekkar vi premien :-)
 
Vi hadde eigentleg tenkt å vera ute, tenna bål og kosa oss med premien, men det bles rett og slett for mykje så då blei det jentekveld inne i stadenfor. Og så måtte vi jo spela spelet vårt "jentekveld". Mange store spørsmål, kloke ord og verdsproblem blei løyst i løpet av kvelden, men då vi byrja å fantasera om at vi og juleølboksen til Hansa var ganske like, var det på tide å ta kvelden ;-)
 
Sødme, Fruktbarhet og Bitterhet - kven som er kva kan dåke no berre tenka dåke til...
 
I dag var det tidleg opp og hiva seg i strikketøyet slik at Marit i allefall skulle få 1 ferdig sokk i bursdagspresang. Vurderte ein augneblink å pakka inn heile strikketøyet, men klarte å bli ferdig akkurat i tide til nesten å komma tidsnok i bursdagsselskap. På veg heim i frå selskapet bestemte bilen rett og slett for å kvitta seg med eksosanlegget - og det utan at eg merka noko som helst før naboen kom og spurte om eg hadde eksosanlegg på bilen? Ein kjapp sjekk og det viste seg raskt at det hadde eg ikkje!!! No står heile greia i gangen og, eg har ikkje mykje greia på bil, men det ser ikkje ut som noko som bør monterast fast nokon som helst plass i det heile tatt...Bakom eksosanlegget i gangen står ein sopelim. Den var i utgangspunktet satt fram som pynt, men er no oppgradert til å vera mitt einaste framkomstmiddel per i dag! I den anledning håpar eg at vinden ikkje løyer med det aller fyrste...
 
No skal eg kvila sofaen resten av kvelden (og kanskje jula) så då gjenstår det berre å opna siste luke i Anita's julekalender 2012 og...
..ynskja alle...
 
 
Ei riktig GOD JUL!



 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)