lørdag 29. desember 2012

Juletid =

Innetid! I allefall denne jula, ser det ut som. Det som faktisk såg ut til å bli ei kvit jul nokre morgontimar på julafta snudde fort til å bli både grøn og våt. Men i jula skal ein vel uansett sitja inne å kosa seg med gløgg, julegodter, puslespel etc. etc., så då spelar vel veret ingen trille...

Her på Eik var heile hurven samla til julefeiring hos mor og far i år. Og med småungar i huset så blei julafta ein laaaaaaaaaang dag med myyyyyyyykje venting på at det skulle bli kveld - og at nissen kanskje skulle dukka opp???

Og sjølvsagt dukka nissen opp - vi hadde jo vore snille i år alle som ein :-)

Ho-ho-ho, brått stod nissen på altanen og kikka inn i stova til oss...
 
 
..Og til tross for at nissen virka å vera ganske så nærsynt, så klarte han å levera ut pakke til både liten, middels stor og stor :-)
 
I år var ingen redd nissen. Faktisk så kalla alle dei små han pappa - så her blir det nok eit oppgjer på kammerset i familen Nilsen Enæs ;-)
 
Og alle fekk sjølvsagt det dei hadde ynskja seg aller mest til jul i år...
 
Julas blinkskot denne jula blei dette biletet:
 
Felix Emil med elefanten i eine handa og pakken frå nissen i den andre som ser på at nissen vinkar farvel. Sjølv om ein ikkje ser heile andletet på guten er det likevel ikkje vanskjeleg å sjå at guten strålar! Skikkeleg julemagi :-)
 
1.juledag hadde mor dekka til nok eit juleselskap - og stort meir enn eting og avslapping blei ikkje gjort den dagen.
 
2.juledag byrja ikkje så verst - det såg faktisk ut til at det skulle gå an å komma seg ut på ein aldri så liten tur. Men før vi kom oss avgårde så slo regnet i mark - utan at det stoppa oss. Ein liten tur opp Pål'en sin veg skulle vi okkesom ver og vind..
 
Uskedalen 2.juledag 2012. Såg jo ikkje så verst ut her då :-)
 
Ååå, så søte turkameratar eg hadde denne dagen :-)
 
Men det var slett ikkje så fint å gå tur som det kan sjå ut som her. Det regna, sludda og regna - alt etter kor i løypa vi låg an. Det var vått, glatt og tung snø - òg alt etter kor i løypa vi var. Så dette vart ein våt tur. Men skal ikkje klaga for mykje - det var tross alt godt å komma seg litt ut i frisk luft!
 
På kvelden var det på tide å gjenta suksessen frå i fjor - Champagne og Zumbaparty! Fyrst litt champagne på kjøkenet slik at vi blei lette og ledige i kroppen, og så var det berre til å rista laus:
 
Som dåke ser dogga det godt på stovevindauga så dette var ikkje noko latmanstrim - her var det full insats :-) Eg var mektig imponert over kor synkronisert damene var - kanskje ikkje med instruktøren på TV'n, men i allefall med kvarandre ;-) Ser ut som om dette må bli ein årleg tradisjon :-)
 
Vi snakka om at vi måtte trena zumba eingong i veka, men no har eg fått eit lite problem iom at 3.juledag kobla vi opp det nye hjemmekinoanlegget Stian fekk til jul - så no er det ikkje berre til å trilla fjernsynet rundt omkring lenger. Men dette må vi jo få ei ordning på - ny TVbenk er under planlegging slik at vi kan flytta ned TV'n på loftet og få den på TVbenken med hjul på i stadenfor. Problem er til for å løysast :-) Og med nytt hjemmekinoanlegg på plass kunne Stian og eg kosa oss med Kontikifilmen denne dagen. Flott laga film, men ikkje så altfor spanande, då. Vi som kjenner vår Thor Heyerdahl veit jo at ingen blei slukt av kval, hai eller skilpadder, ikkje slo dei kvarandre i hel og flåten haldt heilt fram..Og kor spanade kan ein få det til å bli på ein flåte ute på havet i vekesvis? Men som sagt, flott laga og vel vert å sjå :-) Og anlegget virka flott det òg :-)
 
I dag stod vi opp til nok ein dag med mindre vakkert vinterver...
 
...og då syntes eg det var heilt greit å berre krypa opp i sofaen i julepysjamasen og gleda seg over at det endeleg var litt vintersport å sjå på på TV'n igjen!
 
No er klokka blitt 14:57 og eg sit framleis i sofaen og ser på Sport'n på TV'n. Ja, ja, eg får vel få Northug i mål før eg tuslar inn på badet og tar morgenstellet....
 
Ynskjer alle ei fortsatt God Julefeiring!


 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)