tirsdag 1. januar 2013

Eit riktig godt Nytt År til...

...alle boblevener det ute! No blir det spanande å sjå om 13 er eit lykketal eller ikkje...Eg får vel eit lite svar allereie i morgon tidleg - då må eg luska meg bort på Auto 88 med eksosanlegget til bilen under armen for å høyra om det framleis er brukande til noko, eller om det må invisterast i nytt??

Nyttårsafta i år blei feira roleg heime i eiga stova med taco, strikketøy og mumifilmar på TV. (Ikkje mumitrollet, altså). Ein heilt grei måte å få inn i det nye året på :-) Eg gløymte til og med å ta meg den pittekyrandesvetle mojito'en eg hadde tenkt eg skulle unna meg medan rakettane smalt. Vi måtte forøvrig over vegen til naboane for å iaktta nyttårsrakettane for der har vi full utsikt mot bygda:

Ei stund trudde eg bygdafolket hadde avtala seg i mellom om at ein og ein rakett skulle skytas opp for det tok ei lita stund før det byrja å smella både her og der...
 
 
Så var det dette med nyttårsforsetter - kva skal ein finna på i år? Det er jo heilt umogleg å røyka mindre for min del, så då må det evt. bli meir av det. Ikkje trur eg at det er noko grunn til å seia at eg skal drikka mindre heller, eller meir for den saks skuld, så eg trur ikkje vi endrar noko særleg på det. Trim og trening? Hmm..ja, her kan ein vel ta seg sjølv litt i nakken. 2012 har vel vore eit år med forfall - i allefall siste halve året kor eg rett og slett har stort sett sete dønn i ro på ræva. Eg tenkte faktisk på å byrja eit nytt og betre liv allereie i november og betalte inn eit beløp til Aktivitetshuset for å kunna benytta meg av styrkerommet. Eg veit framleis ikkje korleis det rommet ser ut - så snakk om støttemedlem... Men ikkje berre min feil altså - trimkompiso (hokjøn av trimkompis ?!?) svikta litt og derav stoppa det opp for min del òg..
 
 
Ellers så har eg vel vore igjennom dei syv fete år no, så då er det vel på tide med syv magre - og då er det vel berre til å hoppa i det med eingong:
 
I dag var det slutt på pinnakjøtt, komla, kalkun, Waldorfsalat, riskrem, kromkaker m/krem etc.etc. - det var rett og slett tilbake til den harde kvardag...
 
 
Til slutt i dag vil eg og statsministeren (da traff så fint at vi avslutta nyttårstalen vår samtidig) ynskjer dåke alle saman det aller beste i det nya året som kjem!
 
 
 
Hmm...lurer på om det ikkje passar med litt karamellpudding no....
 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)