søndag 6. januar 2013

I dag har eg hivt ut jula og...

....meg sjølv!
 
Skodde fekk vera skodde - kroppen ville ut og ha frisk luft! Heldigvis ville Ann Irene sin kropp det same, så då møttes vi oppi dalen for å ta fatt på vår..
 
...Monsterbakke! Eller Pålavegen som vi kallar den til vanleg.
 
Dette er jo ein bakke vi etterkvart kjenner som vår eiga lomme, og etter ein veldig roleg høst og vinter (til no i allefall) så er det ein grei plass å testa formen. Og den er jo ikkje heilt på topp, men vi bevega oss oppover sakte, men sikkert - omtrent slik mange andre gjorde i ein anna monsterbakke i dag.
 
Vi mangla jo ein turven i dag - ho ligg i desse dagar å slikkar sol i varmare strøk. For riktig å gni det inn, og for å minna oss på at vi er dei gamle i gjengen - i allefall vel eg å tru at det er grunnen - fekk vi dette i julepresang før ho reiste:

BRODDER! Ja, ja, då må det jo prøvast, tenkte eg, og putta dei i sekken. Og som sagt så gjort, så snart vi traff på ein issvull hekta eg broddene på skoa for å testa om dette fungerte.

Og det gjorde dei jo! Sjå kor nøgd eg er med mitt nye skotøy :-) Dette fungerte jo heilt ypparleg! Gjekk litt tid før eg turde heilt å stola på dette her, men resten av vegen var det ikkje ein isklump som slapp unna meg og mine brodder:-)
 
Ann Irene hadde eit lite håp om at broddene kanskje skulle gje meg litt større fart òg - det skjedde ikkje! Om mogleg gjekk det faktisk litt seinare - eg gjekk jo no på kryss og tvers oppover vegen og passa på å kun gå der det låg is...

Men omsider traff vi på monsteret (heilt til venstre på bilete, litt grøn i andletet med røde lepper)
 
Sidan Ann Irene hadde litt tidspress i dag så valgte vi å stoppa her. Då fekk vi litt tid på å kosa oss med litt niste før vi måtte ta fatt på vegen ned att. Eg hadde vore så uheldig å ta med ein aldri så liten godtepose på turen. Denne hadde eg ikkje sett så nøye på - godteri er godteri og eg er mest opptatt av det som er oppi posen og ikkje kva som står utanpå. Ann Irene derimot oppdaga jo sjølvsagt med eingong:

Best før mandag - heilt riktig! Herlig søt - stemmer òg! Men, NAKEN BAMSEMUMS???
 
Det grensa jo nesten til pornografi! Eg plar ikkje sjekka om bamsemumsane er anstendig kledd før eg et dei så dette hadde eg rett og slett ikkje lagt merke til. Faktisk hadde eg ikkje lagt merke til at det var bamsemums i posen i det heile tatt - og eg har tømt mange! No blei det ei voldsom rasling i godteriposen - dette måtte Ann Irene finna ut av! Til slutt fann ho ein kvit skapnad, men eg tru ho blei litt skuffa for ho slo straks fatt: Dette er jo ein snømann! Hmh - nikka eg.
 
Og no når vi hadde diskutert ferdig dette og slått oss til ro med at den nakne bamsemumsen eigentleg var ein snømann passa det fint å putta heile godteriposen i sekken igjen og gå heim att.
 
Og medan Ann Irene måtte ty til jogging for å rekka å laga middag til alle gjestene sine tulsa eg nøgd nedover på mine nye brodder - dei sat på heilt til eg sat i bilen igjen :-)
 
Dette var ein fin fyrste tur i 2013 :-)
 
 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)