søndag 13. januar 2013

I dag var det ingen som ville...

...vera med meg på tur - sjølv om eg sendte invitasjonar både hit og dit!

Men, ein kan jo ikkje sitje seg til å sture og vera snurten for det - ut i finveret skulle eg uansett. I dag hadde eg lyst til å vera i sola, så då køyrte eg til Fjellandsbø. Eg var jo då sjølvsagt så seint ute at sola var i ferd meg å gå ned. Men, eg hadde likevel ei fin stund på fotosafari.

Temaet i dag gav seg sjølv, så her får dåke ein overdose med Anita's isbilder:

Ein liten solgløtt fekk eg no med meg :-)


Og her står eg og glitrar...





Fjellandsbøvatnet. Og ja, det er folk å skeisar på isen, så eg antar at det er trygt :-) Eg må visst i kjellaren på leit etter mine skeiser og ta meg ein tur ein ettermiddag - helst når ingen ser på for eg er ganske så ustødig...
 
 




 
 
Ein flott vinterdag :-)
 
Eller så kan eg oppklare evt. rykter og spørsmål kring kven det var som dukka opp utav intet i finstasen på Joker på Halsnøy laurdag formiddag, handla det største pakken toalettapir for så å forsvinna ut i intet igjen  - det var underteikna. På på fredagskvelden og langt uti laurdagsnatta var eg nemleg i eit særdeles hyggeleg bursdagsselskap på øyo der det ikkje mangla hverken på godt selskap, god mat og drikke - lått og løye. Dagen derpå mangla vi derimot noko, så då starta eg dagen med ein frisk spasertur  :-)
 

Det var derimot ikkje underteikna som blei sendt til Sæbøvik for å handla 6 stk sundepølser for så å komma tilbake med 6 pakkar à 3 stk. sundepølser - altså 18 stk. sundepølser litt seinare på dagen...Då fekk vi oss igjen ein god latter og vertskapet har nok i allefall pølsa nok til meir enn ein middag til ;-)
 
Ei flott helg har dette vore :-)
 
 

 


 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)