Kesam, olje og egg. Ok - eg måtte byrja å improvisera litt allereie her iom at eg kun hadde 3 egg og det skulle vera 4. Men, som dei seier i musikkverden: "Du må gjera sangen til din eigen". Satsar på at det gjeld i matoppskriftverden óg - klaska oppi litt ekstra kesam & olje...
Så solsikkekjerner, sesamfrø, linfrø og bakepulver...
Før steiking...
Etter steiking. Lukta godt til å komma innunder graskategorien...
Eg brukte mine ganske så nye silikonmuffinsformer. Vi vart ikkje vener fyrste gongen eg prøvde dei - tvert i mot syntes eg det var noko stort tull eg hadde kjøpt meg. Men ,no eg vi blitt vener! Alle cupcakene blir meir eller mindre like store - og dei trillar lett utav forma når dei er ferdige :-) Kan henda det har noko å seia om det er olje i røra eller ikkje?
Så, medan desse sunne greien stod til avkjøling, gjekk eg meg ein våt spasertur rundt dalen. Aktivitetsnivået må nok høynast noko skal det bli noko effekt.. Kan henda må eg melda meg inn i skulemusikken igjen? Nei, dei skal vel ikkje masjera noko meir i år. Ser ein klagar på at det er for få kvinnelege triathlonutøvarar i Norge - hmmm...noterer ned: Husk å kjøpa våtdrakt og pumpa luft i sykkeldekka." Kan kanskje pussa litt støv av romaskina som står urørt midt på golvet óg - for ikkje å snakka om stepmaskina som kun har fungert som soveposestativ det siste året...
Vel heima igjen måtte eg jo smaka på cupcakene slik dei skulle vera - med Skyr jordbærkrem! Det var vel kanskje ikkje ein kombinasjon eg ville kome på sjølv, og strengt tatt:
...så smaka dei mykje betre varme med ein klatt smør på :-)
Om eg vil anbefala desse cupcakene? Vel, hvis ein ikkje tenkjer i kakebanar, men i brødbanar så var dei ikkje så verst. Eg trur kanskje eg skal prøva dei eingong til, men då i brødform. Ser for meg at dette kan bli gode skiver med ost eller kokt egg på :-) Og det skal dei ha - dei metta! Og gjev sikkert energi óg for no sit eg her å tenker på at så snart eg er ferdig med dette blogginnlegget skal eg henga opp klær, støvsuga, rydda kjøkenet etc. etc. :-)
Jeg syns dette så så godt og sundt ut Anita så nå hadde jeg lyst til å ta meg en tur bort, tross den klatten med smør. Syns du har blitt et skikkelig koneemne nå, hvor en Mannen med stor M???
SvarSlettUtrolig skrive evner på deg, kanskje du skal få ut en bok?? Anita`s tanker...ja ser det for meg, Men skjønner ikke hvordan jeg skal legge inn dette innlegget, legger det som anonnym jeg, eller hvordan fungerer dette??
Klem Ellen