søndag 29. mai 2011

No trenger dei seg på igjen...

No trenger dei seg på igjen,
tunge tankar som vil inn (marsipan, melis, eggedosis...),
No må eg ut å gå igjen (resultat av ovanfornevnte),
kjenna regn og kjenna vind. (e' da egentleg nokon alternativ?)

I dag har eg vore ein kjapp tur til Flåtene etter gammalt. Det er ein tur på 15-20 min. og i løpet av dei minutta kan ein, hvis ein er heldig, oppleva alle 4 årstider! Det gjorde eg i allefall i dag - sol, regn, hagl om ein annan. Men, vi barna av naturen, lar oss ikkje stoppa av litt vær :-) Var i grunnen ein fin tur:



Av ein eller anna grunn følte eg at eg og han mosegrodde karen her hadde ei slags samhøyrighet...

Veit dåke forresten at Eikedalen har eigen sang? Den går som følger:

EIKEDALEN

Eg veit ein stad der min hug er fest,
det er i Eikedalen so fin'e.
Når eg kjem dit er eg høgste gjest,
og barneminni dei skine.
Og Englafjell stend vardevakt
og Mannen hev ved si sida,
og samen stand dei vel i prakt
til livd for bjørkelida.

Når mødd og sliten av livsens kav,
og trøytt eg er av verda:
Då tek i hand eg far sin stav,
og gjev meg ut på ferda.
Til Eikedalen då eg gjeng
til gamle kjære stader,
og fylgjesvein eg inkje treng
eg vert til soli glader.

Her finn eg vener frå bardomstid,
i stein og hamrar og haugar.
Når gauken gjel i bjørkelid,
då tåra auga mitt laugar.
Og elva renn i kåte kast
med vatnet det klåre,
eg set meg ned hev ingi hast
der drikk eg utan fåre.

No er dei borte dei gamle go',
som jaga bjørnen i dalen.
Og far si stemma er tagna no,
som lokka mildt på smalen.
Men dalen ligg her like traust,
og like fin og fager.
Og skifter ham ved vår og haust
just som i farne dagar.

Min barneheim er på framad hand,
no andre styrer garden.
Og mor og far har nådd æveland,
dei båe bort er faren.
Men Eikedalen imot meg tar,
som mor meg kjærleg femner.
Og minni hev eg her um far
kvar gong når hit eg stemner.


Eg har forresten inntrykk av at alle kosar seg i skogen.... ;-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)