tirsdag 24. mai 2011

Oh, store lykke!

I dag stod det på kalendaren at eg skulle sjekka bunaden. Ikkje bare skulle den sjekkast - den skulle prøvast óg... Oh, store lykke - no stress! Å seia han smatt på blir vel kanskje feil, men alle knappane kan kneppast igjen så eg slepp i allefall å stilla med splitt til oppunder armane på den store dagen. No kunne eg vel lent meg tilbake å slengt beina på bordet, men det kan jo hende eg skal ha på meg andre ting i tida frametter som ikkje glir lika lett på - bikini f.eks. Er vel ikkje det lettaste å sy ut...Dei siste veken har eg funne igjen ein gammal venn som dei to siste åra meir eller mindre har grodd fast i eføyen som veks på husveggen, eller blitt gøymt vekk i kjellaren - sykkelen! Og no skjønar eg ikkje heilt kvifor - det er jo eit ypparleg framkomst middel til både kvardag og fest!

Kvardag: Sykkeltur opp dalen, spasera inn til Kalkstasjonen, ein eller anna sjølvutvikla form for jogging tilbake - og så sykla heim att. 

Til fest: Skikkelege skykkelsko...


.....god niste...


...og husk hjelm!

Han far er foressten ikkje heil overbevist om dette bunadsgreiene, så då eg kom opp Eikevegen med tunga hengande ute etter kvardagsykkelturen min i dag - kom han slepande over plenen med denne greia og plasserte i stova mi..


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)