lørdag 19. januar 2013

Lance Armstrong og eg - like som....

...to dråpar vatn!

Vi lever begge i vår eiga boble og lyg så det renn av oss. Medan Lance har halde tett om sin "hemmelegheit" i 20-25 år, sprekk eg no etter berre 2 veker. Hemmelegheit er satt i hermeteikn av di dette er jo noko alle har visst uansett, det er jo berre houvdpersonane sjølve som har snurpa munnen saman og rista på hovudet når dei har fått spørsmål om saken.

Medan Lance må ha fått hjelp av både den eine og den andre både for å utføra sin "hemmelegheit" og halda den skjult, har eg vore mutters aleina med min. Både under utførelsen og forsøket på å skjula. Lance har brukte mange ressursar på å betala pengar under bordet til kreti og pleti, advokatlønn, forfalskning av dokumenter etc. etc. Eg gjort det så enkelt som berre å lukka døra.

Lance har brukt tusenvis, ja, sikkert millionvis, av timar på å trena seg til å bli verdens beste på sykkel - og no visar det seg at det har han jo så aldeles ikkje vore! For eit bedrag! For eit fall! For nokre bortkasta timar! Eg derimot har ikkje trena mykje på min idrett - faktisk har eg tatt det på strak arm. Og det meiner eg faktisk bokstaveleg - nyttar ikkje å strekkja seg etter stjerner utan. Eg er antagleg heller ikkje noko verdsmeister i min idrett, men eg har stort sett vore nøgd med resultatet. Ei heller kan noko peika på min prestajon og ropa ut at det er eit bedrag - eg bruker kun ekte saker!! Eg har aldri hatt noko fall - sjølv om eg har vore utav balanse og det har vore nære på opptil fleire ganger. Og sjølv om eg av og til har syntes det er noko pes kan eg ikkje seia at eg synes det har vore bortkasta timar.

"Sykkelkongen" har trakka og trakkasert mange personar oppetter åra som har beskylda han for doping. Ikkje eingong venene sine har han spart. Medan Lance sin cocktail har bestått av både EPO og bloddoping trur eg det sterkaste eg har tatt før eg skal til med min idrett er ein kopp te. Eg kan moglegvis har både trakka og ha trakkasert folk oppetter åra eg og, men det må i så tilfelle ha vore i heilt andre tilfeller enn i utførelsen av denne idretten. Eller vent - eg plar bli ganske høglytt når diskusjonen rundt kva som er tillatt og ikkje tilatt i min idrett har gått rundt bordet. Det viser seg, antageleg som i sykling, at noko synes det er heilt ok å bli bedratt av eit falske ytre - eller kanskje det blir indre i dette tilfellet - alt etter korleis ein ser på det. Ikkje trur eg venene mine har fått gjennomgå så mykje heller, men det er mogleg dei blir ein smule flau på mine vegner hvis temaet kjem opp ute blandt folk.

Men, no har altså Mr. Armstrong bekjent sine synder til heile verden framfor Ophra. Dog sit ein vel igjen med vel så mange spørsmål som svar. Ikkje såg han noko spesielt angrande ut heller, han sat der nok ikkje heilt av eiga fri vilje. Han svarte jo til og med nei på spørsmålet om han angra. Og det høyrtes jo nesten ut som om han skraut litt når han slo fast at han aldri hadde blitt tatt om ikkje han hadde gjort comeback på sykkelsetet.

Så no er vi vel då komen fram til at eg skal bekjenna mine synder. I motsetnad til Armstrong så er eg ein veldig angrande syndar og det lyser dårleg samvit av meg lang veg. For 2 veker sidan proklamerte eg jo for heile bobleverden at eg hadde hivt ut jula! I ettertid har eg fått mange spørsmål om dette verkeleg er sant og kring juletreet, ja ikkje ein diskusjon rundt temaet har vore unnagjort utan at eg har fått nokre skeive blikk. Eg har vridd meg på stolen og vifta temaet bort så godt eg kunne.

Men, sanninga sprenger seg fram og her kjem det "alle" veit: Anita har juletreet ståande enda!!  Ja! Ja! Eg vedgår det - og eg er meget skamfull! Det største teiknet på at det er jul står enda grøn og fin med all pynten på i stova! Ååååå, eg kjenner eg blir svett og rødmer.

Eg vil med dette be alle som har trudd på meg så mykje om orsak! Alle som har klappa meg på skuldera og sagt " I år har du vore flink" eller "dette trudde eg ikkje du skulle klara, vi er stolte av deg", skal vita at eg har krympa innvendig og vonde tankar har halde meg vaken mang ei natt. For ei lyng, for eit bedrag eg har halde dåke for, for eit fall!! Eg gremmes!

Men, dåke skal vita at eg kjempar med meg sjølv og i dag skal eg gjera eit nytt forsøk på å få ut dette &#%¤/&#% treet. Eg har fyrt i omnen og opna dørene for å sleppa varmen inn i storstova slik at eg skal få av både lys og pynt utan å få naglebit.

My door is wide open - her står rota til alt vondt...Hemmelegheiten er ute av skapet..
 
 
Ein tanke slo meg nett: Kan det vera at det går raskare og få av julepynten og hiva ut treet hvis eg innatar ein aldri så liten coctail fyrst? Berre ein liten ein - ikkje nok til at nokon ser det eller fattar mistanke?? Hmm.....dette trur eg at eg må prøva ut..
 
Men, då må det bli seinare, så då får juletre vera juletre enn så lenge. Eg ser det er flott ver ute med strålande sol, så eg trur eg må ta morgenstellet (!) og komma meg ut i frisk luft snart ;-)

Ahh - det føles godt å få letta hjerta!

Ha ein strålande dag folkens!








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)