onsdag 25. juni 2014

Nei, har dåke sett...

...her er eg på Bobla igjen... Ok, i all irritasjon over mangel på nett, evt. veeeeeeeldig treeeeeegt nett, gløymte eg meg heilt ut og har streva meg til å få laga eit innlegg på bloggen med bileter og greier - for så å finna ut at eg har laga det her og ikkje på den nye turbloggen...
 
Ja, ja, då får dåke meg i alle kanalar og i alle fargar... e' det nøye då...
 
Så, på nyopninga av Bobla får dåke no ei heil avhandling om den store utfluktshelga til Vi Venene:
 
Langt og lenge hadde vi gleda oss til helga 19.-22. juni for då skulle vi ta ut og bestiga Galdhøpiggen - Noregs høgaste fjell - 2469 m.o.h. Ei lita stund hang turen i ein tynn trå pga. mange avlysningar, men med litt mobilisering vart vi til slutt 10 stk. som tok ut :-)
 
3 bilar samla vi oss i. 2 stk. tok ut i bobil tidleg torsdag morgon og hadde tid til å ta det med ro og leika turistar oppover mot Lom og Skjåk. Bil nr. 2 måtte svippa innom Bergen og henta to tøtter før dei kunne ta ut sånn midt på dagen. Så blei det ein veeeeeeeldig laaaaang dag på jobb for oss andre som endeleg var klare til å ta ut i halv 5-tida. Og det vart ein lang biltur og det blei kun tid for eit par små stopp på vegen opp. F.eks måtte vi venta på fylgjebil i Lærdal ei stund før vi fekk køyra igjennom ein tunnel. Den pausa bruka eit par av passasjerane til å gje ordet "skvettlapp" ei ny meining ;-)
 
Då vi etter langt om lenge nesten kunne skimta heimen vår dei neste dagane - Dønfoss Camping - vrengte Oddmund bilen rundt og satte snuten mot heim igjen??? Heldigvis skulle han ikkje så langt tilbake - måtte berre forvissa seg om at det VAR ein elg han hadde sett på eit jorde. Og det var det - og eg fekk sjå elg i levande livet for fyrste gong :-) Og då var vi veldig nøgde når vi endeleg, kl. 0045 natt til fredag kunne parkera ved hytte 6 på campingen. Og trur dåke ikkje vi blei tatt i mot av dei i hytte 5 med varm mat :-) Denne helga måtte jo berre bli bra :-)
 
 
Hytte nr. 6 på Dønfoss camping kl. 0700 20. juni 2014.
 
Mykje tid til å sova vart det ikkje. Vermeldingane meldte finast ver på fredagen, så allereie denne dagen skulle vi bestiga Galdhøpiggen. Vi kom oss nesten avgårde på avtalt tid kl. 0815. Ein liten stopp på bakeriet i Lom for å henta oss ferdigpåsmurt niste - luksus - før det bar oppover til fjells med 10 spente Vener.
 
Ferdigsmurt niste + kanelsnurrar få bakeriet i Lom :-)
 
 
Det var eit lite stykke å køyra og sidan vi no allereie hadde vore saman i mange timar, var det på tide å utveksla god gøymte hemmelegheiter. Eg f.eks måtte vedgå at eg har ein tittel eg aldri har brukt eller nevner i nokon samanheng, men på denne turen passa det kanskje å nevna at eg faktisk har ein tittel som Reiselivskoordinator m/EDB frå Næringsakademiet. Magnhild ser på meg med store auger: "Det er eg og!". Har dåke høyrt på makan - tenk at vi begge ber på den same mørke hemmelegheiten??? Mykje lått og løye om det, men eigenteleg er eg ganske sikker på at dei andre innerst inne blei ganske letta over denne godt gøymte/evt. gløymte informasjonen - det måtte jo bety at desse damene veit kva dei driv med????? ;-)
 
Vi er på rett veg :-)
 
Oppover og oppover bar det - nok til at eg fekk kjenna på den høgdeskrekken eg ikkje veit om eg har.
 
Fekk høgdeskrekk nesten allereie i bilen på veg opp til Juvasshytta....
 
Men endeleg ankom vi Juvasshytta kor vi skulle starta turen. Litt kaldt vind, men sol - dette kom til å bli ein flott tur, rekna vi med. Vi skulle gå med guide i taulag over breen opp mot Galdhøpiggen. Vi fekk grundig innføring i ruta og sikkerheiten før vi skulle byrja. Guiden meinte det kom til å bli fint, men at det kom til å blåsa og vera kaldt på toppen. Og så fekk eg litt hjartebank når eg syntes han sa vi kom til å bli engstelege på toppen....Men så var det sikker berre einslege han sa. Vi var nemleg berre 17 stk. + 2 guidar (den eine var til alt overmål utdanna reiselivskoordinator fann vi ut på tilbakevegen) som skulle gå mot toppen denne dagen. Og 10 av dei høyrte til vår gruppe - så vi viste vel igjen, kan ein seia.
Her er vi igang med fyrste etappe bort til breen.
 
Utsikt over tilbakelagt distanse.
 
Nesten frame ved breen - Galdhøpiggen i sikte :-)
 
Vegen inn til breen er steinete, men relativt flat. Eit par slake bakkar, men så er ein framme. Dette tok ca. 40-45 min. og det gjekk så greit at eg syntes ikkje turen byrja skikkeleg før vi kom hit. Her fekk vi ein liten pause medan guiden laga til tauet vi skulle gå i.
Guiden gjer klart tauet. Galdhøpiggen midt i mot.
 
Litt kaldt vind akkurat her, så det var godt å koma i gang. Så, som ein andeflokk på rekke og rad la vi i veg over breen.
 
Alle er festa til tauet og klare til neste etappe over breen.
 
Ein liten stopp på breen.
 
Vi møtte ikkje på nokon skummelt eller hindringar her, men guiden fortalte at dei hadde folk som datt ned i bresprekker kvart år, så det var viktig å fylgja instruksane. Eg brukte difor mesteparten av denne økta til å konsentrera meg om å halda tauet fram til Magnhild, som gjekk foran meg, i den lengda eg hadde fått beskjed om. Vinden stilna og sola kom fram, så vi hadde ein fin tur over breen. Eit par stopp og litt justering av fart eit par gonger. Den styrste spenninga vi opplevde var at mange i denne høgda klaga på luft i magen og ei av oss gjekk over heile breen og var redd for å blåsa ei lita amerikanerinne som gjekk bak ho utav heile taulaget.....

 
Ein timestid så var vi framme ved foten av Galdhøpiggen - berre dei siste, bratte 200 meterane igjen. Guiden sa vi skulle gå NED att om ein og ein halv time og då fekk jo eg som går så tregt oppover litt angst for å ikkje nå toppen i tide. Sidan eg ikkje følte meg spesielt sliten skippa eg difor pause her og la i veg oppover. Den taktikken var det ein del andre som brukte og. Men sjølv om det var ei bratt steinur og snø, så gjekk det greit oppover.
Ser nedover på veg opp ura.
Flott utsikt?
Utsikt oppover ura..
 
No var det fint å gå :-)
 
Blei eindel stopp på meg den siste snøbiten og eg var langt i frå fyrstemann til toppen. Men eg syntes ikkje eg vart spesielt sliten - det var berre eit eller anna med kroppen - sikkert høgda :-) Okkesom - etterkvart kom alle Venen seg opp på Galdhøpiggen! Klapp-klapp- JUBEL!! :-)
 
Oppe!!! Sjå den flotta hytta som står på toppen!
 
For ein flott turgjeng!! Og alle kom seg opp på Noregs tak!!

 
Og så tok vi over showet....Lykkebobler skulle i glasa og sidan vi ikkje var så mange på toppen akkurat då, spanderte vi til kreti og pleti. Amerikanerinna utbraut "Champagne?? Oh, I love this country!" og danskane tok bilete - så no kjem vi sikkert på trykk i neste utgåve av Danske Fjelltidene :-)
Spre lykkebobler til verden - nytt Vi Venen motto ;-)
 
Andre såg litt meir skremde ut over denne flokken som styrte på...T-skjorter blei høgtidleg delt ut - rettare sagt slengt i fanget på kvar Ven. Og så var det fotografering - i alle retningar og fasongar. Her såg vi berre fjelltopp etter fjelltopp så langt auga kunne sjå. Litt skya, men det kunne vore mykje verre. Ikkje bles det og var så kaldt heller og innimellom kom sola fram igjen. Det var så fint å gå opp at eg hadde måtta kasta anorakken og gjekk rundt kun i fleecejakke.
 
Utsikt frå Galdhøpiggen....
 
2469 m.o.h.
 
Det kom eindel folk opp denne vegen og. Her kan ein gå utan guide, men turen er mykje lenger både i lengde og tid.
 
To stk. Vener som deler den same mørke hemmelegheiten - utdanninga som Reiselivskoordinatorar m/EDB ved Næringsakademiet. Tenk at vi mått heilt til Galdhøpiggen før fann ut dette ;-)
 

For ein flott gjeng! Vi Venen på toppen av Galdhøpiggen 20.juni 2014!!!
 
 
Så måtte vi vandra ned att.
Nedturen...
 
Det var nesten skumlare enn opp då det var bratt, snø og steinur. Men alle kom seg ned att utan uhell. Over breen igjen gjekk det noko raskare då det no var nedoverbakke + vi fekk ein kald, gufsen vind i ryggen. Vegen frå breen bort til Juvasshytta virka dobbelt så lang no og tilslutt var vi så lei stein at vi peila oss ned til skitrekket og gjekk siste biten bort til hytta på asfalt. Her varma vi oss litt inne medan vi såg på at det bles snø i lufta ute, fekk i oss litt mat og handla souvenirar.
 
Det var ein trøyt, men glad gjeng Vener som sat seg i bilane og køyrte tilbake til Dønfoss Camping. Slitne som vi var, vart vi einige om at vi ikkje skulle gå så mykje lenger den dagen. Litt kviling, dusjing og meir lykkebobler av ymse slag og så inntok vi middagen på kroa på campingen - hamburger i diverse variantar. Stemninga steig til uante høgder og det var ikkje så mykje som skulle til før den eine latterkrampen tok den andre. Kven visste f.eks at to trestolar kunne føra til å mykje moro??? Dei fungerte som både telefonskiosk og "massasje-på-uventa-plasser" stol. Jorunn viste stor iver i å visa oss alle korleis ein skal posera BAK kamera ;-)
Magnhild i telefonkiosken på Dønfoss camping - sjå kor nøg ho er når ho fortel at ho har vore på toppen av Galdhøpiggen :-)
 
 
Tilbake i hytta blei det enda meir lått og løye. Alle fekk utlevert kvar sin POKAL øl - det syntes vi dei fortjente :-) Og kvar sin smellbong-bong. Svein Vidar fekk utlevert denne vekas "Norwegian Spirit Awards", då det viser seg gang på gang at han stuller, steller, hjelper, forklarar og rett og slett tar seg av alle rundt seg på ein superflott måte. Med andre ord - han gjere den jobbe reiselivskoordinatorane m/EDB gløymer å gjera... Alle snakka om neste dags store utfordring -Rafting på elva - ingen tenkte på at det kanskje var lurt å gå å leggja seg litt tidleg...
 
Men, omsider byrja folk krypa til køys med fylgjande motto:  "Point base away from face and other people. Pull string hard." Litt intern den der, men det får så vera ;-)
 
Laurdagsmorgon - nesten opp og hopp...Bil 1 var tidleg vakne og klar på rett tidspunkt. Bil nr. 2 var ikkje lika vakne og ikkje heilt klar på rett tidspunkt, men brått var dei på plass :-)
 
Eg trur nok guidane på raftingturen ganske raskt forstod kor dei måtte setja standarden for denne gruppa - ganske lav... Makan til fnising og fjas har dei sikkert ikkje vore borti før. Vi prøvde jo å høyra etter og ta til oss det som blei sagt, men måtte avbryta med all slags spørsmål og undringar. Eg for min del brukte eindel tid på å sjekka fluktruter...Desse greiene her var eg veldig usikker på... 
 
Men så stod eg der i eit pylseskin av ei våtdrakt eg og, bussa avgårde langt uti ingenmannsland med dei andre. Vi måtte øva oss litt i båtane på land. Blandt anna åretak i takt, hiva seg inn i båten når guiden ropte "inside" etc. Eg trur ikkje eg treng skriva noko meir om akkurat det - dåke klarar å sjå for dåke korleis det gjekk. Uti vatnet - huttetu kor kaldt - måtte vi igjen øva på åretak i takt og på at kun høgre side padla når guiden ropte "right" og venstre side når han ropte "left". Treng vel ikkje skriva så mykje meir om det heller, men guiden slo fast at han ikkje skulle bruka dei orda meir enn naudsynt... Vi fekk beskjed om korleis vi skulle te oss om vi datt uti - viktig å halda fast i åra og prøva å halda den mot dei som var igjen i båten. Ikkje for at dei nødvendigvis skulle dra deg opp i båten igjen, men fordi årene var så dyre...
 
Vi blei bussa avgårde...
 
...til båtane. Guidane gjer dei klare - vi står og skvetter litt nervøst i våtdraktene.
 
Eg hadde litt lyst til å slå...
 
Så var vi klare (?). Elva var forholdvis roleg så vi flaut fint nedover og padla sikkert så mykje i takt som ein kunne forventa i frå denne gjengen. 4 Vener i ein båt og 3 Vener spinnville Vener med navn Hvidevold i den andre. Vi nærma oss det fyrste "stryket" og spenninga steig - ville dette bli det siste vi gjorde??? Huiiiiiiii! Vi stupte uti galskapen. "Inside", brølte guiden. Alle heiv seg i allefall rette vegen inn i båten. Årene, som vi hadde fått grei beskjed om korleis vi skulle halda i slike situasjonar, stakk ut til alle kantar...Det gjorde vel kanskje dei som hadde hivt seg inn i båten og. Eg som sat meir eller mindre skrudd fast over ei "midtpylsa" bakerst i båten kunne ikkje hiva meg hverken her eller der, så eg hadde god utsikt over dei andre - eigentleg eit fornøyeleg syn :-) Vi får vel slå fast at det mest positive var at alle framleis var med i båten når vi kom utav stryket. Eg for min del følte meg så ovenpå etter å ha overlevd at før eg fekk tenkt meg om hadde skrøte på meg "Ah, this was nothing - I could do this in my canoo!". Det viste seg etterkvart at det var ikkje måte på kva eg kunne gjera i "my canoo". Eg har ikkje eingong kano - det er far sin...
 
Litt roleg før vi skulle uti neste stryk - enda litt større enn det forrige. "Inside" brølte guiden - alle ramla inn i båten igjen - årer og bein i alle retningar...Alle var framleis med når vi var komen igjennom. Snur oss og ser ein einsleg guide i den andre båten - 3 blad Hvidevold flyt glisande nedover elva framføre... "Swim to the right, swim to the right" gaular vår guide. Ingen sym "to the right", men fortset glisande nedover elva. Så prøver han seg på oss, "right side paddle" ropar han. Magnhild på venstre side startar å ro for livet. Jorunn på høgre side er midt i ei avhandling om eit eller anna og Ann Kristin og Svein Vidar lyttar etter. Eg sit antagelegvis og tenkjer på at dette "can I do in my canoo". Til slutt gjer guiden opp og hoppar uti og drar oss inn til kanten. 3 blad Hvidevold flyt forbi og blir endeleg plukka opp i sin båt. Eg måtte forvissa guiden om at dette ikkje var så dramatisk - dei storkosa seg over å ha havna i elva. Men no ville jo brått fleire bada, så då parkerte vi båtane og traska tilbake til den såkalla "Skjåkbølga". Her har dei fått for seg at folk skal hoppa uti, bli dratt under og dukka opp igjen litt lenger nede. Heile gjengen, bortsett frå meg, tykte det var ein strålande ide! No er jo eg vane meg ikkje å fylgja straumen  - så ikkje fa..om skulle hoppa uti ei iskald elv frivillig. Det såg jo ut som om det var morosamt, men alle fraus etterpå. Eg var veldig nøgd med å stå tørr på land :-)
 
Tilbake i båtane var det berre siste etappe igjen, meir fjas og tull og plutseleg var turen over. Trudde vi.. No vart vi bussa til ei bru og fekk beskjed om at her, her kan dåke hoppa uti om dåke vil! Her hadde eg no ikkje hoppa om vatnet var aldri så varmt, men desse Hvidevoldane kunne jo ikkje venta med å koma seg uti - plooop, så hoppa både mor og døtre. Svein Vidar hoppa og etter. Vi andre tusla i bussen igjen.
 
Supernøgde med dagens våte utflukt!!
 
Det haldt hardt, men framleis vener etter denne turen og ;-)
 
Morosamt var det og alle overlevde raftingturen. Dette var nok ein pluss i margen for turen. Etterpå bar det tilbake til campingen for å skryta til dei som kremt..var heima og passa på hyttene... Om ettermiddagen reiste vi inn til Lom for å eta ein velfortent middag. Bland alle desse fine husa og den uforståelege dialekta klarte vi å enda opp på Resturant Amore :-)
 
Vi hadde jo tenkt å ta ein liten runde på den lokale kroa på campingen denne kvelden og, men no trur eg rett og slett gjengen var sliten og utlada. Eg pakka pikkpakket mitt og tok med meg over i Ann Kristin si hytta sidan familien Hvidevold tok tidleg fatt på heimturen. Her fekk eg då overta dobbeltsenga - som var mykje lettare å handtera enn køysenga eg hadde måtta kravla meg oppi dei andre nettene.
 
På søndag var det å stå opp å pakka sakene sin i bilen igjen og ta ut litt tidleg - vi skulle jo køyra heile den lange vegen heimatt. Ein liten stopp i Lom kor vi fekk handla litt bakverk m.m. og så sa vi farvel til Lom, Skjåk og Galdhøpiggen for denne gangen.
 
Alle var eininge om att vi hadde hatt ein flott tur! Så einige i at vi måtte finna ein orsak for å kunna koma tilbake: Neste år blir det Glittertind, Folkens!!!
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)