søndag 1. april 2012

Påskepynt til besvær...

Palmesundag - på tide å få på plass påskepynten! Eg er i grunnen veldig nøgd med den nye påskepynten til stovevindauga som eg kjøpte under den store påskeutflukten til handlemetropolen Skånevik i går:

Blei så fint, atte.

Eg slit litt meir med den "gamle" påskepynten som dras fram år etter år. Eg er nok atskilleg meir julete enn påsketet. Medan julepynten blir pakka forsiktig ned i esker, blir påskepynten hivt og knept oppi ei korg... Spørsmålet eg no stiller meg er: Kor lenge kan ein påskekylling passera som "søt" og "nusselig" før ein må innsjå at det kanskje er på tide han får permisjon??


Slik som denne karen her f.eks, og resten av....

...familien.. Vil desse pynta opp noko som helst???

Eller kva med denne kyllingen (som ser ut som om han er overraska over å få beskjed om at han er på veg inn i påskepensjonistenes rekker)??

Og som her har starta sitt eige opprop mot å bli skifta ut som Påskepynt - og som dåke ser så er dei ganske betenkte dei to tilhøyrarane òg..

Medan denne gjengen ser ut som om dei bryr seg katten om dei blir bytta ut eller ikkje: "Berre ghje..hikk..osj litt meij eggelikjør..."

På bilde såg dei jo ganskje så sjarmerande ut alle desse kyllingane, men eg trur dei skal få fri no og bli sendt til dei evige kyllingmarker likevel...


God Påske Folkens!

1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)