torsdag 6. desember 2012

Luke 6 i Anita's julekalender...

...er klar for å opnast :-)

I kveld har baking stått på programmet. Nei, ikkje julebakst enda, men forberedelsar til julemarknaden i morgon. Det må dåke ikkje gløyma å få med dåke: Julemarknad og tenning av lysa på julegrana i Uskedalen i morgon kl.17.00

Sjølv om eg har slutta i Damevennene skal eg sjølvsagt stilla som frivillig, og blir som vanleg å finna ute i teltet med lappekakerøra.

Ellers så får ein kjøpt graut i kjellaren i Helgheim og kaffi og kaker i Gamleskulen. Skulen sel elevarbeid oppe i Helgheim, og ellers så vil ein finna diverse standar både inne og ute. Det blir eventyrstund for dei minste på loftet i Gamleskulen kl. 1800, og sist, men ikkje minst, er vi spente på om nissen kjem?

Men før det opnar vi luke nr. 6 i julekalenderen:

Og der finn vi desse gode appelsinbollane :-) Og hvis dei ser fristande ut, så er dei å få kjøpt i Gamleskulen på julemarknaden i morgon :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)