onsdag 5. desember 2012

4. og 5. luke i Anita's julekalender...

...må opnast i lag i dag. I går forsvann berre dagen avgårde med jobb, symjetrening og julemarknadmøte - hadde slett ikkje tid tid å tenka på noko julekalender.

Og i dag har eg òg styrt på - skulle tru julafta skulle feirast i helga... Men, når det no eingong er bikkjekaldt ute så er det jo greit å vera inne og få unna nokre juleforberedelsar så slepp ein, forhåpentlegvis, å stressa så mykje dei siste dagane før jul.

Noko av det eg har fått unnagjort i dag er f.eks:

Fått ei høne på toving. Denne er strikka på bestilling så den bør bli bra slik at eg slepp hiva meg rundt og strikka ei til før jul. Lika spanande kvar gong ein opnar døra til vaksemaskina - ein veit jo aldri korleis resultatet blir :-)
 
 
Og så det eg er mest stolt av i dag, og dette er luke 4. & 5. i Anita's julekalender:
 
Eg ligg nemleg meget bra an når det gjeld julepresangane i år og i dag har eg fått pakka dei inn og fått merkelappar på! 
 
OK - eg innser at dette var nokre kjedelege luker - omtrent som å opna luka i ein sjokoladekalender for så å gje beskjed om at du kan sjå, men ikkje røra... ;-)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)