lørdag 31. august 2013

Gjennom sol, gjennom regn...

....la-la-la...

Ja, ingen skal seia at vi ikkje kom oss ut på Friluftslivets dag i allefall. I dag hadde Ann Irene bestemt at vi skulle gå til Gardshammar - der hadde ho nemleg ikkje vore før. Så då hadde eg ikkje noko anna val enn å pakka sekken og bli med :-)

Det er ikkje alt nytt som er bra - eg synes dei gamle skilta som stod her var myyyyykje finare enn desse..
 
Vi hadde ikkje gått så skrekkeleg langt før Ann Irene satte i eit ul. "Helledussen", e' da orm?" spurte eg. Nei, det var det heldigvis ikkje...
 
...men eit eller anna såg ho inn i skogen her - neimen om eg veit kva det var...
 
Veret var litt så som så i dag, men då vi byrja turen var det i allefall sol, fint og varmt.
 
Fin utsikt over Bondhusvatnet på veg opp Keiserstien.
 
Sjå kor grønt og fint det var her :-)
 
Men så måttte kameraet pakkast i sekken for brått byrja det å regna. Ikkje litt yr eller nokre dråpar, nei, det REGNA! Ann Irene, fornuftig som ho er, tok på regnklede, medan eg nekta. Eg hadde jo berre ei dårleg regnbuksa og ei vannavisande jakke i sekken og tenkte som så at det var betre å komma opp våt og ta på seg tørre klede enn å komma opp, vera våt og ikkje ha meir klede å ta på seg. Og sjølv om eg var VÅT frå innerst til ytterst då vi kom opp til Gardshammar, så vel eg å tru at det var eit smart trekk.
 
Omsider så kom vi oss jo opp til Gardshammar. Og alle som har fylgt litt med på Bobla veit jo at då er det obligatorisk og ta på...
 
Krune :-) Går ein Keisarstien, så går ein Keisarstien.
 
Som så mange andre som ikkje har så stor erfaring med slik hovudpryd, hadde Ann Irene og litt problem med å få den til å sitja slik den skal. Dessutan trua vinden med å blåsa den rett ned i Bondhusdalen igjen... Men i slike høver er det godt å ha med seg ei...
 
 
 

...erfaren kruneberar som kan visa korleis ein verkeleg skal te seg keisarleg ;-)
 
Vi var heldige for då vi kom opp så slutta det faktisk å regna ei lita stund, slik at vi kunne sitja ned å nyta nista vår og ein liten skvett sprudlevatn. Men det var kaldt på Gardshammar i dag. Faktisk så kaldt at vi slo fast at vi allereie no må byrja tenka på å pakka hua og vottar i sekken når vi skal på fjelltur.  
 
Frikken nyt utsikta, ser det ut som. I verkelegheita låg han å passa på nokre skumle sauer han hadde fått auga på borti skogen.
 
Så snart vi hadde fått i oss nista satte det i å regna igjen, så då hadde vi ikkja anna val enn å byrja på heimvegen att. Så letta det litt igjen, så renga det litt igjen, så letta det litt igjen, så regna det litt igjen etc.etc
 
Min kunnskap om sopp strekkjer seg til at eg kan seia at dette er - sopp!
 
Og slik såg Bondhusvatnet ut på veg ned - i ein liten augneblink med sol.
 
Vel nede frå stien måtte vi jo ta ein tur inn til Bondhusvatnet og. Litt usikker på kvifor, for no opna verkeleg alle himmelens sluser seg! I eit lite forsøk på å få sitja litt i le jaga eg Ann Irene inn..
 
...her! Eg tenkte kanskje eg og skulle få plass, men hundane var visst og litt lei av regnet og skubba meg vekk. Vart litt av eit lurveleven inn i hola der med Ann Irene og to hundar som sloss om plassen. Ikkje at eg fekk det med meg - eg låg langflat på rygg utanfor...
 
Vi bestemte oss for å gje opp heile holeprosjektet og koma oss ned til bilen igjen. Og når ein ikkje trudde det kunne regna meir enn det gjorde så viste det seg at det var akkurat det det kunne.. Og som om ikkje det var nok, det HAGLA! 31.august!
 
Eg veit ikkje kven som var mest glad over å sjå bilen - vi eller hundane. Dei siste metrane gjekk i allefall raskt unna.
 
Uansett mengde regn - vi hadde det kjekt på tur i dag. Og ein tur i Bondhusdalen kan anbefalast - lika fint om ein går opp Keisarstien eller berre inn til vatnet :-)

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)