onsdag 22. juli 2015

Tja, kva skal ein seia...

....dette var vel kanskje ikkje rette sommaren å bestemma seg for ta til takke med heimeferie.

Sommaren ser ut til å ha hoppa over Vestlandet i år - solstolen samlar støv og det fyrste eg gjorde i sommarferien min var å kjøpa ny regnbukse....Hittil har eg brukt ferien min på å baka litt, lesa litt, sjå på Tour de France (heile etappane!) og tenka på om eg skal byrja på julepresangane - vanlege høst-/vinter syssler med andre ord.

Men, det er jo greie temperaturar til å gå tur i, då. Regnbuksa har allereie vore testa ut på div. småturar, og held tett så langt :-)

I dag var ho med i sekken til Storhaug, men det regna ikkje NOK til at eg tok ho i bruk. Og eg må nok innsjå at eg har meir bruk for å gå turar enn å sitja i ein solstol - det vart mykje pusting og pesing for å koma opp..

Fint og grønt er det no i dalen om dagen.
 
Denne karen brydde seg ikkje noko om at det kom ein turgåar vandrande.
 
Revebjellehage.
 
Og provet på at eg ikkje har gått denne vegen altfor ofte i det siste - det var satt opp div. opplysningsskilt oppetter vegen som eg ikkje hadde sett før. Dei var nok satt opp i samband med Solfjelløpet tidlegare i år. Så då kan eg jo driva litt folkeopplysning:
 
 
Ja, det var no og ei lita trøyst. Men eg hadde trudd Skorpefjellet var litt høgare, så der lærte eg noko i dag :-)
 
Kunne kanskje stått flatare og ;-)
 
Og så lærte eg navnet på toppen av Snilstveitøy, ikkje verst det heller.
 
Her har eg ikkje vore enda - nokon som vil vera med på tur til Borgundnuten ein dag??
 

Og så var det brått slutt på skilta og eg nådde omsider Storhaug.
 

Utsyn over "vidda" mot Mannsvatn.
Storhaug.
Måtte sjølvsagt signera navnet mitt i boka.
 
Eg tima ankomsten min til Storhaug veldig bra, for i det eg kom opp skein faktisk sola igjennom skyene. Så då kunne eg sitja nokre minuttar på benkene og nyta nokre vel fortente solstråler. Men det vart ikkje så veldig lenge då....
 
Eg vurderte om eg skulle gå over vidda og ned Hauglandsfjellet, men sidan eg visstnok skal ut på ein ganske så mykje hardare tur i måro, valgte eg...
 
....same veg ned igjen.
 
Det manglar forresten eit opplysningsskilt i dette innlegget som eg ikkje tok bilete av iom at eg var opptatt i mobilen (eg sysselsatte meg sjølv med å lesa e-postar og snakka i mobilen på veg opp), då eg passerte det.
 
Men det unngjekk sjølvagt ikkje mitt årvåkne blikk, så eg veit kor høg Kaldestadåsen på Husnes er - veit dåke?
 

 
 
 
 
 
 
 

 
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)