torsdag 16. juli 2015

Ref. mitt forrige innlegg....

.....så var det kanskje like greit planen min ikkje gjekk som eg hadde tenkt.

Då eg låste meg inn ytterdøra i går ettermiddag høyrte eg nemleg enda eit spetakkel i frå loftet. Faktisk tok eg runden og kikka om det var folk der oppe, men ingenting var å sjå.

Men då eg skulle i kjellaren med ein klesvask litt seinare skjøna eg jo kva rabalderet denne gongen hadde vore, for utanfor kjellardøra fann eg dette....

...eit par lysestakar i tusen knas!
 
Ja, for når eg fyrst har opna....
 
...soveromsvindauga, så forblir det opna. At eg hadde lysestakar ståande utsatt til tenkte eg ikkje på i det heile.
 
Men, kan dåke tenka dåke til korleis det kunne ha gått hvis det faktisk hadde vore nokon på veg opp veggen? Det kunne jo ha enda med forferdelse, kan dåke vita. Tenkja seg til at når ein friar endeleg tok seg bryet med å dukka opp så slo eg han i hel med dei mest gyselege lysestakane ein kan tenkja seg.....Ja, det skulle jammen tatt seg ut.
 
Hmmmm......
 
....når eg tenkjer etter så har eg viss både den eine og andre pyntesaken som kanskje burde gå same vegen.....
 



Det har skapt mykje styr dette opna vindauga mitt - og enda har eg ikkje lukka det igjen, så det kjem kanskje fleire episodar...
 
Ja, ja, ein dag igjen til eg startar sommarferien min, så no MÅ sommaren koma :-)
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)