tirsdag 14. juli 2015

Enkelte ting trur eg berre det er…..

A.Enæs som får til.

Her på fredag, eller kanskje det var laurdag, kveld fekk eg ein telefon om at det var observert ein mystifistisk kassabil med utanlandske skilt i Eikevegen. No er det jo sumar og utanlandske turistar dukkar jo opp både her og der, så det trong jo ikkje ha vore noko mystifistisk i det heile tatt.

Men, aleine heima som eg var, tenkte eg at eg fekk vera litt føre var. Men korleis? Eg kunne jo ikkje nett setja meg klar med luftgeværet i trappeoppgangen og venta på at nokon skulle lirka seg inn inngangsdøra. Det hadde jo enda opp som ein Kristian Valen episode der eg hadde blitt så skremt at eg hadde skote meg sjølv i foten… Nei, det einaste eg kom på var at eg måtte opna soveromsvindauga slik at eg høyrte om dei kom attende…. Det gjorde dei sjølvsagt ikkje, eller det veit eg jo for så vidt ikkje iom at eg sov tungt gjennom heile natta….
Sida har eg ikkje tenkt meir på den saken. Eg har heller ikkje tenkt meir på det opne soveromsvindauga. No har eg vindauga av den gamle sorten som svingar utover og må hektast fast med ei stang. Så når det bles ute kan det blesa vel så mykje inne. Og når eg då stort sett aldri lukkar igjen soveromsdøra + har andre dørar opne, kan det jo bli eit skikkeleg rabalder. Og det blei det jo i går kveld. Dvs. eg registrerte eit brak, hipsa litt på skuldrene og tenkte «det var vel eit eller anna som blas igjen».
Det tenkte eg heller ikkje så mykje meir på – inntil eg skulle leggja meg.  Eg registrerar at døra til soverommet er lukka – javel, då var det den som blas igjen tidlegare på dagen. Eg tar i dørhåndtaket for å opna, men døra rikkar seg ikkje. Eg prøver igjen – den rikkar seg ikkje ein millimenter. «Men ka’ i svarte dunderen??!!?» Eg tar i med all mi kraft, men ikkje søren om eg får opp døra. No byrjar eg både bli hissig og forundra – kva er dette for noko? Eg ristar, bannar, skubbar, sparkar – eg trur eg bles litt og – men døra står pinnefast. Eg innser at det må ha blåse noko overende som ligg rett framom døra på innsida slik at eg ikkje får opp døra. Så då står eg der, øverst i trappa, klar for skjønheitssøvnen, men kjem meg ikkje inn til senga….

«Hjelp, hjelp!» prøver eg meg på, men veit ikkje heilt kven som skulle høyra det. Eg måtte fint luska meg ned i stova og forklara guten at eg må ha hjelp til å koma meg inn på soverommet. Han ser på meg med sitt vanlege oppgitte fjes over denne håplause mor si  - kva er det no ho har fått til??
Men han får jo heller ikkje opna døra ved fyrste forsøk. Tar i litt til, men døra rikkar seg ikkje. Men guten er jo sterk som ein okse og når han legg kreftene til kjem det eit brak og døra opnar seg  5cm. «Nei, nei,», ropar eg når han gjer seg klar til neste dytt « du skjønar vel at det ligg noko på innsida og sperrar!» Men guten hadde jo fått blod på tann, må vita, og tok i det han kunne og  røska opp døra så vegg-til-vegg-teppet på innsida bokstaveleg krølla seg bortover golvet. 

«Det er ingenting her», seier guten. «Hæ??» seier eg, «det må jo vera noko der?» «Nei, det er ingenting her» gjentar han, «bortsett ifrå denne» og så helda han fram halve dørstokken som er røska opp med spiker og alt….
Ja, sånn er det vel i gamle hus – det er ikkje alltid dørane passar heilt i dørkamrane lenger når dei ikkje har vore i bruk på ei stund. Her hadde det nok vore ein skikkeleg gjennomtrekkk som hadde fått døra til å smella igjen slik ho aldri har «smolle» igjen før. Resultatet var jo at ho sat pinne fast.  Ja, ja, skal sjå eg må snikera litt i dag…

Dette er jo då sjølvsagt den offisiselle historia om kva som skjedde. Men eigentleg så var jo alt dette nøye i gjennomtenkt og planlagt. Og det eg hadde sett for meg, planlagt og håpa på at skulle skje, men som eg aldri kjem til å seia til ei levande sjel, var jo skjølvsagt dette:
 
(Bilete lånt frå internettet, ein eller anna plass)
 
Ja, nei, det er vel kanskje på tide å tenkja på å ta sommarferie...til helga kanskje.... :-)
 

2 kommentarer:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)