lørdag 17. august 2013

All by myself..tadummdidum...

...all by myself...

I dag går vi inn i ein ny epoke i livet  - både guten og eg. I dag har vi nemleg installert han på hybel på Os kor han skal gå på skule det kommande året. Tenk at han er blitt så stor at han har flytta frå mor - tida flyr jammen fort! Men, det er vel slik det skal vera - vi får tru det går bra :-) Hybel nærare skulen kunne han knapt få - utsikta frå rommet hans er rett bort på skulen. 3 nye sambuarar får han og - ingen kjenner kvarandre frå før, så spanande og sjå korleis dei går i lag.
Tenk at denne vetle tassen no er gamal nok til å flytta i frå mor! (Gjer oppmerksam på at dette er eit arkivbilete - dagens versjon av guten er nok både eldre og større ;-) Her skulle han nok berre flytta over vegen til Besto og Besten for natta - antrekket hadde vel ei heller vorte godkjent i dag...)
 


Så no har brått blitt heilt aleina i heimen....Det føles litt rart akkurat no, men det går seg nok til :-) Eg må kanskje vurdera hund...(ja, eg høyrte deg - eller mann...) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)