torsdag 15. august 2013

Dei lange fjellturane har nok uteblitt...

...i det siste.

Sommaren har som vanleg gått altfor fort og ein har ikkje rukket på alt ein hadde planlagt. Så no får vi håpa på ein fin haust slik at vi enda kan få oss nokre fine turar - vi har jo ikkje fått prøvd teltet vårt enda eingang. Inntil dess held vi oss litt i form med småturar. Fagerdalen har eg besøkt nokre gonger den siste tida og i går var eg og Ann Irene på Storhaug etter gamalt.

I dag blei det ein tur til Låganåso. Ann Irene prøver og innbilla seg (og meg) at ho er i dårleg form, medan eg som ikkje har sjangs til å halda hennar tempo og kjem slentrande etter synes eigentleg ikkje at min form er så aller verst :-) Men no eg er eg litt spent på om eg vil få ei oppadgåande formkurve framover for sjølv om eg føler meg pigg har doktoren bestemt at kroppen min igjen manglar både B12 vitaminer, jern og folsyre. Dette er jo noko eg plar merka og ha kontroll på sjølv, men ikkje denne gangen. Eg antar eg har halde energien oppe med cola og godterier i sommar ;-) Så no er det B12 sprøyter i bakstussen nokre veker og jern og folsyre tabeletter er kjøpt inn. Folsyreboksen har eg forøvrig gøymt langt bak i skapet så ingen skal få nokre idear - det står nemleg på boksen at det er for gravide og dei som planlegg å bli gravide....

I tillegg så fann vi jo noko leskande på butikken i dag som vi berre MÅTTE prøva, og som ikkje smaka så aller verst:

Eg valgte sjølvsagt den med grapefruktsmak som inneheld B12 vitaminer og folsyre....
 
...medan Ann Irene valgte den med, ja no huskar eg ikkje kva smak det var, men den innheld antioksidantar.
 
Så dette lover godt for hausten - no skal vi bli så sunne og spreke atte :-)
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)