mandag 12. august 2013

Det årlege Varaldsøytreffet...

...stod på programmet på laurdag!

Tidlegare i veka såg verprognosane dystre ut for årets store happening, men det slo jo heilt om og vi kunne jo ikkje bedt om bedre ver :-)

Nokon (rettare sagt 1 person = meg) valgte å ankoma med ferja og bil, medan resten kom sjøvegen.

Ikkje lett å leggja til på Varaldsøy når ein ankjem i store yachtar...
 
...mon tru om vi ikkje alle håpa på ei aldri så lita bylgje her...
 
Nokon trur sikkert at vi berre driv med fyll tull og fanteri på desse treffa, men det er ikkje tilfelle. Vi har uteaktivitetar som krev både kondis, uthaldenheit, konsentrasjon, presisjon - for ikkje å snakka om restitusjon..
 
Det viste seg å vera litt vanskeleg å samla gjengen i år, men kremen var i allefall samla. Eg skreiv KREMEN var i allefall samla. (Det bør nok få opp deltakarantallet neste år, tenkjer eg). Og når alle var på plass, var det tid for utflukt. I år var det tanto sjølv som hadde planlagt kor vi skulle gå - vi skulle gå yndlingsturen hennar. Dog litt usikker på kor ofta ho går yndlingsturen sin for det blei litt forvirring om kor stien starta..Men omsider kom vi oss på rett veg og bana oss fram mellom kratt, torner og brennesle.
 
Vi er eit naturelskande folkeslag! Kvar minste krik og krok av turen saug vi til oss og dokumenterte. Sopp, ramslauk, pinnsvin, furutrær - mykje spanande som dukka opp på vår veg ;-)
 
Eg er igrunnen framleis usikker på kor turen gjekk hen, men då vi gjekk forbi dette skiltet var vi i allefall nesten framme...
 
...og no kom vi ut i ope landskap. Her var det riktig så idyllisk og snart så sat vi ute på eit nes og kosa oss med eit betre måltid - som hadde køyrt i forvegen :-)
 
Etter å ha kosa oss her i sola med mat og god drikke ei stund + prøvd å fanga oppmerksomheita til ferja på diverse vis (utan hell) var det dags å gå attende der vi kom i frå. No måtte sansane skjerpast for snart tok konkurransane til! Dei fleste hadde nok dette i bakhovudet no iom at det var langt færre som valgte å gå på beina tilbake enn som valgte hjul...
 
Støvelkasting stod som vanleg fyrst på programmet. Eg må seia dei fleste imponerte stort i år på denne fronten - det var langt færre feilkast i år enn tidlegare. Ja, bortsett frå ein som til stadigheit gav seg sjølv eit spark bak, men eg skal ikkje nevna onkel med navn.
 

Her demonsterar Jan eit vellukka kast...
 
...medan tanto i år, som i fjor, satsa på å slå dei fleste på høgda..
 
Merkeleg nok blei det ikkje så mykje protestar mot poengfordelinga i år, men det har nok med at Klara valgte å innføra ein ganskje så nytt poengdelingssystem i år der ein måtte halda tunga rett i munnen for å vita kven som leda og ikkje :-) Eg trur damene vann denne delen, men mannane trur sikkert dei vann dei og..
 
Neste punkt på programmet var øksekasting.
 
For å lukkast her må ein konsentrera seg godt og sikta bra. I år var det ingen som klarte nokon av delene (eg er sikkert på at det gledar kusine Lene som er ein sann øksekastarmeistar, men som ikkje var til stades i år). Eg vel likevel å tru at det har mest med kvaliteten på hoggestabben å gjera og ikkje kastarane. Kvaliteten på øksene var forøvrig og så som så...Kven som leda etter denne konkurransen er heilt i det blå. Eg trur damene vann, men mannane trur sikkert dei vann dei og..
 
Siste post på programmet var skyting - alles favorittøvelse.
 
 

Blinkane er i ferd med å koma på plass.
 
Og det må eg seia - her imponerte deltakarane igjen. Det skulle jo forøvrig mangla iom at dei fleste av dei spring rundt i skogen halve året med gevær på skuldera, utan at det har gjort at dei har utmerka seg noko betre enn dei øvrige deltakarane tidlegare år :-) Men i år blei det nesten for enkelt - blinkane blei skoten sønder og sammen på eit blunk og vi måtte fylla på med ballongar, så spring....
 
...Anne, spring...
 
I år var det vel faktisk tanto som utmerka seg mest med si treffsikkerheit, og vi ventar alle i spaning på å sjå korleis dette vil utvikla seg når Rutten forhåpentlegvis er tilbake på standplass til neste år :-) Dog litt usikker på kven som vann denne konkurransen. Eg trur kanskje damene vann, men mannane trur sikkert dei vann dei og....
 
Når alle øvelsane omsider var ferdige og alle, merkeleg nok og mot alle odds, var eininge i poengdelinga, var det på tide å fyra i grillen og kosa seg resten av kvelden på tante og onkels altan. I år trur eg vi alle hadde fått ein overdose frisk luft og tok oss heilt ut i konkurransane, for eg synes vi alle byrja å gjespa på feil side av midnatt, så det vart ikkje så altfor seint før vi kraup til sengs.
 
Å snipp, snapp, snute så var årets Varaldsøytreff over for denne gang.
 
PS! Som vanleg har alle trua med å leggja seg i hardtrening i samtlige øvelsar før vi treffes igjen til neste år...
 
 
 
 



 

 
 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)