fredag 9. august 2013

Lisboa - Part 3.


På tide å bli ferdig med Lisboaavhandlinga no, så her kjem siste innlegg om den turen:

Vi kan jo ikkje reisa sydover på ferietur utan å gå på stranda og bada - så det gjorde vi på dag 4. Lisboa har jo ikkje strand, men ein må ikkje reisa langt utav byen før ein finn det. Vi hadde på førehand sett oss ut den gamle fiskerlandsbyen Cascais - her skulle det vera fint. For å koma dit måtte vi med tog igjen, denne gangen frå stasjonen Cais do Sodre. Det er jammen godt toga går ofte for makan til ineffektiv køsystem skal ein leita lenge etter. Eller det var kanskje ikkje systemet det var noko gale med, men dei som sat i luka. Vi stod 45 min. i ein heller liten kø og missa tre togavgongar før vi endeleg kom fremst og fekk billettar!

Togturen tar ca. 40 min. til Cascais. Rett før vi kom fram kom vi i snakk med ein portugisar som tok kontakt då han høyrte at Stian og eg snakka norsk - han hadde nemleg budd i Noreg for eindel år sidan. Han tipsa oss om å gå av toget litt tidlegare enn vi hadde tenkt for då meinte han at vi kom på den beste stranda, og så var det fint å rusla mot Cascais etterkvart, hvis vi ville det. Vi valgte å høyra på han, og dermed gjekk vi av toget midt mellom Estoril og Cascais.

Her har dei laga ein flott og brei strandpromenade.
 
Det er kanskje ikkje ei stor strand her, men fleire små. Her er stranda vi kom på. Cascais såg vi rett bort på her.
Og her var det fint å vera :-) Her var det ikkje for mykje folk, og sjølv om vi kom litt seint (pga  billettkøen) fekk vi oss ein parasoll å liggja under. Litt steinete strand, men slik er jo vi vane med. Temperaturen i vatnet var vel omtrent som heima, så Pyseguri brukte litt tid på å dukka :-)
 
Aaahh, deiligt :-) Sanden var så varm at det var som å gå på glødande kull - eg løfta beina høgt og fort når eg gjekk ;-)
 
Det var veldig varm denne dagen og sjølv om Cascais ligg lenger ute ved kysten enn Lisboa så var det ikkje eit vindpust her. I Lisboa var det i allefall ein liten bris meir eller mindre heile tida. Det er eigentleg litt kjedeleg å liggja slik i sola og gjera ingenting, så etter ei stund rusla vi vidare mot Cascais:
 
 
Far og Stian med "vår" strand i bakgrunnen.
 
Strendene låg litt på rekke og rad her. Her var det litt meir folksamt så det var nok lurt at vi gjekk av toget der vi gjorde - vi hadde nok ikkje funnet noko ledig parasoll på desse andre strendene.
 
Mange som kosa seg i Cascais.
 
Etterkvart forlot vi strendene og tusla opp i gatene. Togstasjonen låg rett oppforbi den siste stranda vi forlot, så vi haldt oss i området her. Det skal visst vera det mest livlege området og. Her hadde dei...
 
...ikkje gøymt skjeletta i skapet...
 
...fine, koselege gater vi handla litt forskjelleg i...
 
....humor...
 
...og ein fin karusell.
 
Eg syntes far trong dressa seg litt opp og forlangte at han kjøpte seg ein...
 
...hatt! Den trur eg han likte for den kom ikkje av igjen før vi skulle ta flyet heimatt :-)
 
Etter ein flott og varm dag i Cascais tog vi toget attende til Lisboa. Når nokon vel å bada med returbilletten sin i lomma er det jammen godt at kollektivtransporten i Lisboa er billeg. Eg trur det kosta euro 3,50 ein veg. Vi hadde vel ikkje eingong kome oss med buss frå Eik til Korsneset for den prisen her heima...
 
Etter ein liten kvil på hotellet rusla vi ned mot Rossio igjen for å få oss litt mat og...
 
...og prøva Elevador de Santa Justa. Men køen var så lang då vi kom at vi bestemte oss for å ta maten fyrst. Då vi kom tilbake seinare var heisen stengt. Det stemmer difor ikkje det som står i mi kloke bok at denne heisen er open til kl. 23. Så då blei det ikkje noko tur i denne på oss. Mat derimot hadde vi fått oss...
 
...på restauranten nærast her. Dette var ei brei fin gate kor folk passerte på begge sider medan restaurantane hadde sitjeplassane sine midt i gata.
 
Dag 5. Siste dagen vår i Lisboa. Vi hadde enda nokre plassar og utforska og vi starta med å ta turen til Castelo de São Jorge - visstnok Lisboas mest besøkte serverdighet.
 
 
Eg trudde det kanskje berre var ei gamal festning med ein mur kor ein kunne sjå ned på Lisboa, men området her var jo mykje større og finare enn eg hadde sett for meg.
 
Fin utsikt fekk ein her både mot elva og...
 
..sentrum.
 
Den gamle mannen og hans kanon?
 
Det var gysla varmt denne dagen og, så eg heiv rett og slett av meg...
 
Vi fann oss ein liten kafè i eit skuggefylt område og tok ein pause der. Eg var ikkje så imponert over maten her, i allefall var ikkje mitt kakestykke noko å skryta av. Men, ellers så kosa vi oss - og så fekk vi noko å bryna oss på..
 

...for kva fugl er eigentleg dette?? (Dagens gåte er forøvrig: Kor mange fuglar ser du i dette biletet?)Den virka litt påfuglaktig, men ikkje heilt det heller - for den hadde ikkje den lange "påfuglhalen"....
 
....og så fauk dei opp og ned i trea. Kan påfuglar fly??
 
Sjå denne flotte karen her som sat på vaggel høgt oppi eit tre. Dette må i allefall vera ein påfuglvariant.
 
Etter å ha lurt litt på dette og eigntleg ikkje fått noko svar, vandra vi vidare. Vi måtte jo inspisera dette byggverket og..
 
Har sikkert eit eige navn denne borga, men eg er litt usikker på kva.
 
Det var fint her og, men eg blei litt nervøs når eg gjekk på toppen her, syntes ikkje murane og rekkverka var så altfor høge. Med så mykje folk trampande her må det vera snart føre og ramla utfor på innsida av borga. Det er ikkje akkurat jevnt dekke her heller...
 
Litt eventyraktig dette her og :-)
 
Men klyva skulle ho om ho var aldri så nervøs for å detta ned ;-)
 
Ein flott plass! Positivt overraska - denne plassen kan anbefalast å ta ein tur til når ein er i Lisboa.
 
No trong vi å avkjøla oss litt igjen, så vi bestemte oss for å reisa på elvecruise. No kan ein kanskje tru at det er noko som føregår heile tida, heile dagen, men slik er det visst ikkje. Så vidt vi fann ut så går dei kun to ganger for dagen, så vi måtte venta i halvannan time før vi kunne gå ombord. Mulig det er fleire som driv med dette enn dei vi reiste med - det går sikkert an å undersøkja for dei som er interesset i det. Vi tok i allefall ein båt som gjekk frå Cais do Sodre  - rett bak togstasjonen.
 
Her sat vi ute på dekk, slappa av og kikka på Lisboa frå elva.
 
 
Eg veit ikkje kva dette orange byggverket er for noko (trur eg la på ein anelse for mykje farge :-)), men bakom der ser dåke Castelo de São Jorge.
 
Praca do Comercio. Hvis ein går rett ned mot elva i frå Rossio kjem ein ut buegangen ein ser her. I dette området finn ein og hovudturistkontoret i Lisboa hvis ein skulle ynskja å besøka det.
 
Så fekk vi jo og sett Torre de Belem og...

.... Padrao dos Descobrimentos i frå denne sida og.
 
Og brua Ponte 25 de Abril køyrte vi under.
 
He-he, desse syntes eg såg kjekke ut - nesten som ein andefamilie på tur :-)
 
Eit lite visdomsord får avslutta denne turen.
 
Vi avslutta dagen med ein liten tabbe. I boka mi står det at Centro Colombo er den iberiske halvøys største kjøpesenter med 400 butikkar, 65 restuarantar og 11 kinosalar. I tillegg har dei eigen fornøyelsespark og cocartbane. Vi valgt difor å reisa dit istadenfor å besøka Parque das Nacoes, som var den opprinnelege planen vår. Vi kom fram til dette enorma kjøpesenteret, åt litt mat og byrja leita etter fornøyelsesenterte. Fann ingenting. Såg ei stor bygning overgata som minna litt om ein berg-og dalbane, men det viste seg å vera ein fotballbane. Måtte tilslutt spørja oss for og fekk til svar at det ikkje eksisterte lenger!!! Ei heller cocartbanen!! Så dette blei ein bomtur - ikkje fekk eg til å handla noko heller. Og når klokka viste at det byrja bli seint på kveld valgte vi å reisa tilbake til hotellet og ta kvelden der.
 
Neste dag var ferien vår i Lisboa over. Vi måtte pakka sakene våre å reisa heimatt til Norge. Vi har hatt ein kjempeflott tur - eg kunne godt blitt litt lenger - og ein tur til Lisboa kan anbefalast på det sterkaste!

 
 
 
 
 

 
 
 
 
 

 
 
 
 

 
 
 
 


 

 

 

 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)