søndag 15. februar 2015

Min aller fyrste trugetur....

....har eg vore på i dag :-)

Pga. ein smule sterk vind i fjellet i dag var det ingen som ville ta meg med på skitur, så då fekk eg finna på noko anna :-) Jula 2013 fekk eg truger av mor og far, men sidan det nesten ikkje var snø i fjor, har eg enda ikkje fått prøvd dei. Det fann eg ut at eg skulle gjera noko med i dag.

Såleis enda eg med å køyra opp i dalen og ta ut på årets fyrste tur opp Pålavegen. Eg trudde eg skulle koma lenger opp en fyrste sving før det låg snø i vegen, men allereie her må ein over frå grus til snø. Det var litt glatt, men gjekk greit å gå på skoa iom at sola ikkje skein her. Eller så har....

....Nina herja godt i skogen her. Ligg trer litt i hytt og pine og mange har lege rett over vegen.
 
Då er kom opp i sving nr. 2 kom eg ut i SOL - måtte beint fram ta på solbrillene :-) No blei det litt blautare å gå og ein trør litt igjennom her og der. Vurderte om eg skulle ta på meg trugene allereie her, men valgte å gå opp til sving nr.3 på skoa.

Tilbakeblikk ned bakken - som dåke ser ligg det ein god del snø her framleis.
 
Det blas godt her, og sjølv om det ikkje var noko spesielt kald vind, rekna eg med at det ville bli litt gufse og koma opp på toppen av fjellet. Eg valgte difor å ta på meg trugene her og fylgja skogsvegen som går rett fram mot Uskedalen - i stadenfor å fortsetja skogsvegen opp på fjellet.
 

Tada! Trugene på for aller fyrste gang :-)
 


 Med trugene på var det berre til å leggja i veg. Litt uvant, men dei funka :-)


På enden av denne skogsvegen får ein flott utsikt over dalen...

...og Uskedalen.

  
Fint andre vegen og - Fjellandsbø i det fjerne.

Vakkert!
 

Bigfoot fotspor ;.-)
 
Det var ikkje den lengste turen eg var på i dag, men eg fekk i allefall prøvd trugene mine - meget nøgd. Det gjekk jo som ein leik å koma seg ned Pålavegen igjen med desse på beina ;-) Eg såg ho vart litt misunneleg ho eg traff på veg opp i berre joggesko - du må nok få deg truger, Ann Irene ;-)






Genialt! Og moro :-) Og nei, eg tok meg ikkje tid til å justera og tilpassa dei så voldsamt - var nøgd med at dei hang på....
 

Så, i fjor oppdaga eg gleda over å ha feller under skia, i dag har eg oppdaga den geniale oppfinnelsen truger - kva blir det neste?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)