mandag 13. juni 2011

Etterlysing..

No har vi fått flotte takkekort i hus og Stian er klar til å signera så blekket sprutar :-) Men, vi er redd ein eller annan kjem til å venta forgjeves på kort - hvis ikkje nokon kan hjelpa oss? Eit av konfirmasjonskorta er kun signert "Helsing m/familie" og vi veit ikkje kven det er i frå. Så er det nokon som veit dei har gjeve Stian dette kortet m/pengegåve, kjenner igjen skrifta eller veit kven det er i frå, vær snill å gje oss beskjed - vi vil jo så gjerne få gje eit takkekort tilbake til vedkommande.



Så var det denne kaka eg baka i hop i går for å feira ein vellukka Aktivitetsdag - men som måtte stå i kjøleskapet natta over.. Her er ho: Oreo ostekake. Eit heila prosjekt - inn og ut av omnen tre gonger. Full av ost (sjølvsagt), oreokjeks og rømmelokk på toppen + skulle serverast med jordbær. Såg gysla god ut :-)

Men, smaka ho godt?? Marit synes ho var god, så ho måtte eg senda med eit stoooort stykke heim. Eg syntes ho var interessant, men blir kanskje ikkje noko ny favorittkaka. Stian syntes ho var pyton... Så då er det vel sant det dei seier - smaken er som baken....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)