søndag 12. juni 2011

Aktivitetsdagen 2011

Ja, ka' ska ein sei om gårsdagen egentleg? ABSOLUTE FABOLOUS!!! Dette var vel knallbra gjennomført folkens! Masse publikum og smilande fjes overalt - vi kan vel ikkje bli meir fornøgd :-) Til og med værgudane var i Uskedalen å skein i går! Eg treng ikkje seia så mykje meir, men her er ei lita oppsummering:


Spinnville Janne og Klara Pirat testar sukkerspinnmaskina.

 Grillarane gjer klart til tidenes grillfest i båthavna


 Trekkspelmusikk høyrer heima i båthavna slik ein flott dag.


 Brazzooka - desse ungdomane kan jammen spela!

 Sjørøvar Halefjert m/mannskap på veg til lands for å leita etter Spinnville Janne..


 Dei blei møtt av mange spente store og små...


 Spinnville Janne er funnet og Halefjert er klar for ein romanse...


 Toget må fram enten sjørøvarane er komt eller ikkje..
 Er det mogleg at Halefjert laug? Er Sjørøvarkaptein Sprød likevel i live??

Ja, så sannelge her kjem han!

 Da va' no ein utsedvanleg ustelt Kaptein Sprød..


 Alle ville snakka med Kaptein Sprød når han gjekk i land - kanskje dei fortalte at Halefjert hadde kapra dama hans??


 Kaptein Sprød fekk beskjed om å vaska og kle seg opp før han kunne ta opp kampen med Halefjert.


 Og her har han fått seg både sko, bukse, skjorta, vest og godlukt. Blomstrer har han kjøpt til Spinnville Janne og alt ser ut til å gå på skinner. Kan dei ha gjort dette før?


 Sjørøvarkaptein Sprød og Spinnville Janne - mann og kone :-)


 Ingeborg og Birte underhaldt med flott song. Utruleg flinke jenter!


 Tenkjer det var mange ungar innom her...


..og her. Trur boksehanskane var større enn enkelte ungar..


 Det myldra av store og små i båthavna.


 Hopp i Havet! FRP strevar med å halda hovudet over vatnet fortida - Ole Torbjørn hadde fått oppgåva å motbevisa at dei ligg med "brukket rygg". Det gjekk vel så som så..


 Bondelaget på veg til havs..


 Alle dei store ordrane Kvinnherad Energi Teknikk har fått i det siste må ha fått dei til å tru dei kan gå på vatnet - trudde dei verkeleg dette skulle gå bra?? :-)


 Damevennene gjer klar sin farkost..


 Ro Janne, ro..


 Ka' e da han har funnet på i år då?


 O. Soldal - kem andre ville ha våga å setja utfor slik som dette??


 Aktivitetsdagen er ferdig, båthavna rydda og det er på tide å ta til Bøkkaren og la festen byrja :-)


 For ein flott kveld - og for ein fantastisk flott gjeng!!


 Kos i stranda.


 Kjekke gutar i vakker solnedgang.


 Hatt m/solnedgang :-)


 Ein tissetrengt pirat på veg til utedoen som har alt - både fuglungar og veps...


 Vakker solnedgang på Bøkkaren i går.


 Fornøgd pirat :-)


Koseleg m/bål i fjæra.

Så var dagen og natta over. Det var som vanleg ein sliten, men veldig fornøgd Anita Pirat som tusla seg heim gjennom bygda på morgonkvisten medan sola skein på Englafjell og hanen til Affi gav beskjed om at det var på tide å stå opp...

No skulle eg ha avslutta med å visa dåke kaka eg har laga i dag for å feira den flotte dagen i går, men det får venta til i morgon. Burde visst at det å lesa oppskrifter å bake på ein dag der sjølv det å skru av korken på dusjsåpa forttonar seg som ein iqtest ikkje kom til å gå heilt som det skulle. Misforstå meg rett - kaka ser fin ute den, men etter å ha steikt ho alle dei tre gongene ho skulle steikast står det heilt på slutten av oppskrifta: Set kaka i kjøleskapet - la den stå til dagen etter....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)