torsdag 2. juni 2011

Medan vi ventar på sommaren....

Medan vi ventar på sommaren (skulle ikkje den komma no??) får vi gjera det vi kan "best" - leika på litt kjøkenet! (Dåke skjøna ironien?) Man gjør som følger:

Steiker eit sukkerbrød...

... lager jordbær/marshmellow puré...

Og medan sukkerbrødet og jordbær/marshmellow puréen er til avkjøling, rekk ein å ta ein spasertur rundt dalen :-) Vel heima igjen fortset ein med å:

...blanda kremfløyte i jordbær/marshmellow puréen, laga smørkrem i div. fargar & sukkerpasta.


Så deler ein sukkerbrødet opp i div. størrelser og fasongar. "Kler" kakene med sukkerpasta - og så er ein nesten klar for å gjera gråstein om til gull...

Før ein fortset må ein kanskje ta seg av ein eller annan som masar om: "Kan du ikkje VÆR SÅ SNILL å laga middag no??!!" Slikt bør ein jo strengt tatt ikkje uroa ein bakemeister i arbeid med.. Men så, når ein har fått gjort unna middag er det bare til å trø til med siste finish av kakene:


Hey, hey - det blei laga kunstverk i Eikeveg i kveld! (Jada, eg har brukt stort sett heile dagen på dette her)

Kan eg ha tatt feil når eg i eit tidlegare innlegg påstod eg ikkje var noko tap for konditorfaget? Kan det vera nettop det eg er???


Da blei ikkje sagt med reine ord, men eg trur han som i alle år har kjøpt mors kake i rein sympati på alle skuletilstelningar o.l. blei forundra over kva ho fekk til i dag. Dog, kom det under finalen i 4-stjerners middag i kveld: " I stadenfor all denne bakinga - kan du ikkje heller laga sånn mat som dei der?"...

 
OK - her er det sjølvsagt eit forbetringspotensiale, men Rom vart jo ikkje bygt på ein dag - eller noko sånt..

Om kakene SMAKTE godt?? Tja, slett ikkje så værst :-)

1 kommentar:

  1. Så flink du er Anita! Kusine Monica er imponert :)

    SvarSlett

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)