lørdag 4. juni 2011

Vi har hatt ein liten disputt i heimen..

Innerst inne er og blir eg ein lesehest - det blir bare så altfor lita tid til å lesa i kvardagen. Eg er nemleg av dei som ikkje har tolmod til å dilla med ei bok i vekesvis. Skal det lesast, så skal det lesast ferdig fort - helst same dag! OK - skal innrømma at eg brukte mykje lenger tid enn ein dag på å komma meg igjennom Stieg Larson sine bøker. Det var nokre laaaaaangdryge greier og eg skjønar enda ikkje heilt kva som er så spesielt med dei bøkene. Men anyway - eg likar helst å lesa krim og kokebøker. Og på samme måte som at eg ikkje føler noko trang til å gå ut å begå dei meste bestialske mord eg les om i krimbøkene (i allefall ikkje alltid), har eg heller inga trang til å prøva oppskriftene eg les (i allefall ikkje alltid). Og akkurat rundt dette har vi hatt ein liten disputt i heimen dei siste dagane. No når mitt godt gøymte bakegen har tredd fram i rampelyset (??!!) har nemleg ungdom i huset skjøna at "mor KAN lesa - ikkje bare sjå på bileter!" Men i motsetnad til mor, synes han det er andre ting som må perfeksjonerast og prioriterast før baking. For nokre år sidan satt han opp lista på kven som var flinkast til å laga mat:
1. Besto
2. Besten
3. Pappa
4. Mamma
Eg kunne jo blitt fornærma av mindre, men grunen til at eg i heile tatt havna på lista var vel at han ikkje kom på andre å setja på 4.plass....
Så forrige kvelden kom han inn og klaska ei kokebok i stovebordet med beskjed om "sånn kan du laga".

 At eg prøvde å argumentera med at "dette er faktisk di kokebok" og "du har jo hatt heimkunnskap på skulen eit år no" blei glatt ignorert. Javel, vi får prøva dette då. Og det har eg gjort i dag. Dvs. eg SKULLE laga dette..Oppskrifta sa blandt anna 1 fersk kylling, gurkemeie og kajenne. Dette var det eg kom heim frå butikken med:
Ikkje fordi eg hadde gløymt å ta med huskeliste eller kva eg skulle laga, men fordi eg ikkje fann fersk kylling, gurkemeie eller kajenne..Men, kylling skulle det bli okkesom - og det blei det :-)

Om det smaka godt? Eg hell meir i retning av meksikansk når det gjeld sterk mat, men dette gjekk óg heilt fint. Og ungdommen forsynte seg grovt og tallerekenen er tom :-) Kanskje eg er på veg til å krypa oppover på lista no?

No er vel ikkje ein ein enkel kyllinrett noko å ropa høgt om - men, HALLO, eg rakk faktisk å passera 40 før eg i det heile tatt tenkte på å tilbereda ein kylling....

Oophs - gløymte å ta bilete av den ferdige retten, så her kjem nokre bileter av den kjekke seilturen vi hadde til Stord på revy i går istadenfor :-)


Ahoy!


Kos på dekk. Snakk om å vera heldige med været - opplett og sol for fyrste gong på to år, trur eg..



Ein pittekyrande liten ein før vi går i land..

Litt usikker på kven av desse som var lagt på dekk for å skrema måsen??


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)