mandag 6. juni 2011

Små milepæler skal óg markerast...

Små milepæler skal vel óg markerast. I dag har "bobla mi" nett passert 1000 visningar sidan den blei oppretta :-) Litt artig er det jo at nokon brukar av tida si til å kikka innom her for å lesa mine små, daglegdagse berettingar om alt og ingenting. Ellers så skjer det litt større ting på Halsnøy i dag - eg har jo faktisk køyrt på asfalt mellom Høylandsbygd og Tofte på heimvegen i dag!! Det er vel óg verdt ei markering :-) Litt spent på korleis det ser ut der i måro for i dag såg det ut som om dei hadde tenkt å la sånn ca. 200 meter av Super Mario banen stå igjen urørt  - antagelegvis for at vi ikkje skal få abstinens....
Og dagens milepæler har eg feira med:


Red Velvet Whoopie Pies....frå Møllerens - ok eg juksa med ferdigmiks i dag.

Få å rettferdiggjera desse søte greiene får eg nemna at eg har traska ein tur rundt dalen i griseværet i dag + eg gekk meg ein flott tur inn i Fagerdalen i går :-) 

Då kan eg jo óg nemna at eg høyrte ein gjøk som antegelegvis gol seg hes iom at lyden fylgde meg frå Fagerdalen til langt ned mot Flåtene. Flott vær som det var i går kryssa eg fingrane for at dette var eit tegn på at i år blir det meir sol og sommar enn vi nokon gong har hatt - etter å ha slått det opp er eg vel litt meir i tvil.
Desse ortaka står på diskusjonsforumet til Det Norske Hageselskap:
Gauken galer ikke om våren før han kan drikke av lauvet, dvs. før det er stort nok.” (Aurland).
”Når gauken gel på tomme kvista, vert det uår.” (Skogn) -
”Gel gauken på naken kvist, vert det dårleg somar.” (Leirfjord)

Her får eg vel skyta inn at min gjøk befann seg i ein fjellvegg - ingen kvistar der....

Og så har vi denne, men her er eg litt usikker på om vi snakkar om same type gjøk...
”Når gauken gjel på bert ris om våren, er det en farlig tid for jentene i bygden, for da kommer det mye lausingungje til verda innan neste vår.” (Frå Uvdal og Solum"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)