lørdag 25. juni 2011

Osfelleskapet og eg = ganske like?

Uskedalen har hatt besøk av den tverrkyrkelege gruppa Osfelleskapet denne veka - og det har skapa litt rabalder. Dei har nemleg visst seg ganske så ukritiske til kven dei har hendvendt seg til og korleis. Foreldre har opplevt å måtta leita etter småungar heilt ned i 6-årsaldaren som ikkje har komen heim når dei skulle - for så å oppdaga at dei har blitt tatt med i bussen til Osfelleskapet for å blir fora med saft, vafler og Jesus. Dette er IKKJE greit. Ser det har spora av for enkelte som har gjort dette til ein for-mot religion sak, og til og med muslimane er blanda inn enkelt plassar, men det er ikkje det dette handlar om. Eg trur ikkje vi er meir ukristelege i Uskedalen enn andre plassar, og for min del må dei gjerne står under grana og forkynna Guds bodskap, men då må ein henvenda seg til VOKSNE og ikkje småungar utan fylgje. Trur dei kanskje at vi lot ungane våre gå for lut og kaldt vatn her på landet - og at dei spring fritt omkring utan reglar og tider ein skal koma heim på? Nei, vi gjer som alle andre og gjer beskjed om at "kom rett heim etter skulen", "ikkje gå ned til elva, stranda eller båthavna utan voksne" og "hvis framande pørver å lokka deg med snop inn i bilen sin, så spring". Når ungane vår blir borte i lengre tid og vi ikkje finn dei igjen blir vi narturlegvis som alle andre foreldre engstelege for at noko kan ha skjedd dei. Å forkynna om Gud for små ungar, læra dei å bretta papir og riva det slik at det blir eit kross, for så å bruka resten av papiret til å skriva "hell" eller "helvete" med gjer ein heller ikkje utan samtykke i frå foreldra. Dette burdre Osfelleskapet sjølve tenkt på - ikkje måtta venta på at politiet skulle gje dei beskjed. Men, no har dei fått beskjed, tatt sjøvkritikk, så då får ein sei ein har gjort opp denne saka.

Men, så er det eg må gå i meg sjølv - er eg i grunnen den rette til å kritisera her? For har ikkje eg gjort akkurat det same som Osfelleskapet? Har ikkje eg og vore med å lokka folk i hopetal til å samla seg ved grana.....

....og kom dei ikkje i frå fjern og nær for å høyra på bodskapen min?

Gav ikkje eg dei eit skriv og sa at hvis dei fylgte denne vegen til punkt å prikke så vanka det heder og ære og livet ville bli ein stor fest?

Lokka ikkje eg dei inn i gymsalen med lovnad om at der venta det "godsaker"?


Måtte ikkje mine disiplar óg læra seg å bretta papirgriser før dei kunne gå vidare på livets landeveg?

Nei, eg har visst ikkje mykje eg skulle ha sagt i denne debatten. Men ein ting skal eg ha: Eg sa klart i frå at alle som ville høyra på meg måtte vera 18 år eller eldre - og gjerne framleis i fylgje med foreldre. Så da så!

1 kommentar:

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)