torsdag 23. juni 2011

Koseleg Sankt Hans

Hadde faktisk solbriller på når eg køyrte i frå Høylandsbygd i ettermiddag. Optimist som eg er (?) stoppa eg på Husnes for å kjøpa grillmat på Rema 1000 - dei reklamerar jo sånn for at dei har så mykje av slikt. Litt vel optimistisk - her var det ganske tomt i hyllene, gitt. Men, men, fekk no handla pølser og hamburgarar - ikkje så spennande, men det var i allefall grillmat :-) Runda svingen etter Vågabrekko - dada - mørke skyer og regn!! Så no såg det ut til at det måtte bli grilling i bakarovnen i stadenfor. Men, været skiftar fort - plutseleg var det opplett igjen, og når vi var klar for grilling hos Ellen var det nett før sola titta igjennom skyene óg. Vi sat faktisk ute ei god stund å kosa oss med god mat og godt selskap :-) Vi tusla inn når det var tid for dessert - det var ikkje varmt at det frista med is og bær ute...

Koseleg Sankt Hans feiring hos Ellen & Henrik :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)