lørdag 2. juli 2011

På kaien...

...til Marit kosar vi oss titt og ofte med god mat og drikke :-) Og så er vi alltid flinke til å finna på unnskyldningar for å spretta champagnen. I går var det sjølvsagt fyrstebryllaupet i Monaco vi i utgangspunktet skulle feira med brask og bram! (Som forventa kom det ikkje noko invitasjon til det bryllaupet heller i posten) Eg hadde kjøpt utstyr til å laga nye kruner - dei gamle var rett og slett ikkje respektable lenger - og baka kake:

Eller baka og baka...Eg hadde jo ikkje tid til det i går ettermiddag, så det blei kjøpekakebotn i går. Men, pynten er laga frå botn av :-)


Best som vi sat der tikka fyrste livstegn på 5 dagar frå guten som er på segltur inn. Kort og presist: "Eg besto :-)". Vi snakkar om båtførarprøven. Då spretta Marit, som tross alt har gitt han denne flotte presangen, og mor champagnen. 


Men, vi fekk meir å feira denne kvelden, for Ann Irene stråla som ei sol når ho dukka opp :-) Ho hadde fått resultata frå eksamen og masteroppgåva si - og var kjempenøgd med det :-)

Fyrstebryllaupet?? Nei, det gløymte vi visst heilt ut - vi får klyppa og lima oss nye kruner ein anna gong :-)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Du må gjerne skriva ein kommentar her, om du vil :-)